Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Om Trump og demokratisk krise i USA

Kontaktpersonar

Kjersti Hasselø Kjersti Hasselø
Rådgivar
71 28 03 48 /
Mob. 911 98 760
Send e-post

Om Trump og demokratisk krise i USA

Møt Noregs fremste USA-ekspert, professor Ole O. Moen, på Bysmart-foredrag i Molde, Kristiansund og Ålesund. 

Ole O. Moen er professor i Nordamerika-studiar.

Den 13, 15 og 16. mars skal det handle om USA og Trump på biblioteka i dei tre største byane. Ole O. Moen, professor i Nordamerika-studier, tek for seg den aktuelle situasjonen og den nye presidenten.

- USA og Trump dominerer avisoverskriftene for tida. No får vi eit djupdykk i situasjonen frå ein av dei fremste ekspertane på feltet i biblioteka våre, seier Kjersti Hasselø, prosjektleiar for Byen som regional motor, som BYSMART er ein del av.

13. mars er han i Molde, den 15. og 16. mars i Kristiansund og Ålesund.

Spørsmål og bekymring

Moen peiker på kva økonomiske og politiske realitetar som har skapt dei noverande  forholda i USA. Kva ligg bak den overraskande utviklinga  og det uventa valresultatet i 2016? Han tek for seg den nye administrasjonen som allereie har reist mange  spørsmål og vekt bekymring både innanriks og utanriks. Moen set hendingane inn i ein historisk samanheng og peiker på moglege utviklingstrekk.

På TV og radio

Ole O. Moen er professor emeritus i Nord-Amerikastudier ved Universitetet i Oslo.
Han har arbeida mest med forfatningshistorie, politikk og minoritetar, men er godt oppdatert på ei rekke andre felt innanfor kultur og samfunnsliv.

I over 30 år har han vore ein av de mest brukte kommentatorane om amerikansk politikk og kultur i radio og TV i Norge. Moen har også skrive ei rekke bøker om USA, blant anna: “USAs presidenter: fra George Washington til Barack Obama”, ”USA – Annerledeslandet i en ny tid”, «Den amerikanske borgerkrigen», «Det hvite hus» og «USA: Supermakt i dyp demokratisk krise» (2014) og «Fem presidenter som endret USA».

Bymotor

Arrangementet inngår i Bysmart, ein foredragsserie i dei tre store byane. Dette er eit samarbeid mellom bybiblioteka, fylkesbiblioteket, og Møre og Romsdal fylkeskommune. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket. Målet er å skape byliv og styrke biblioteka som møteplassar. Bysmart er ein del av i ‘Byen som regional motor’, fylkeskommunens byutviklingsprosjekt. Neste BYSMART-arrangement vert med Ingebrigt Steen Jensen og foredraget: ’Fotballen – Møre og Romsdals viktigste leverandør av lidenskap og fellesskap’.