"Reiselivs SPOR” med aktivitet- og opplevingar
Møre og Romsdal som aktivitets- og opplevingsfylke vert tema i neste nummer av fylkesmagasinet SPOR. I samband med dette ønskjer vi å kartlegge flest muleg av dei ulike aktivitetar og opplevingar som vert tilbydd av små og store aktørar i Møre og Romsdal.
Målet med denne utgåva av SPOR er å synleggjere og marknadsføre dei muligheitene og det mangfald vi har for aktivitet- og opplevingar i vår region, både for dei som bur her og for tilreisande.
Denne utgåva av SPOR vil ha ein vesentleg breiare distribusjon enn det som er vanleg, og blir dermed ei unik muligheit for reiselivsbedrifter til å få marknadsført sine tilbod i eit eige aktivitets- og opplevingsbilag. Dette bilaget vil og verte oversett til tysk og engelsk. Vi oppmodar difor små og store aktørar til å registrere seg i vår aktivitets- og opplevingsdatabase.
Ny frist for registrering - måndag 07.mai.
Registreringa er no stengt.
Sjå tidlegare utvåger av Reiselivs spor her (klikk på bileta):
Oppdatert: 07.05.12
