Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Signerte kontrakt for ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm

Kontaktpersonar

Arild Fuglseth Arild Fuglseth
Samferdselssjef
71 28 02 67 /
Mob. 915 30 085
Send e-post
Jesper Wiig Jesper Wiig
juridisk rådgivar
71 28 02 87 /
Mob. 975 86 533
Send e-post

Signerte kontrakt for ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm

Fredag 12. mai signerte Møre og Romsdal fylkeskommune og Fjord1 AS kontrakten for den framtidige drifta av ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm, knytt til fylkesveg 61 og 60.

Dagfinn Neteland, adm. direktør i Fjord1 AS og Gudmund Lode, juridisk sjef i Møre og Romsdal fylkeskommune signerte kontrakten.  

Kontrakten startar opp i 2019 og 2020

Kontrakten startar opp 1. januar 2019 for Hareid-Sulesund og 1. januar 2020 for Sykkylven-Magerholm, og vil gjelde til 31. desember 2030. Totalsummen for kontrakten er 2,569 milliardar kroner.

- Vi ser fram til å gje trafikantane eit godt tilbod på ferjesambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm saman med Fjord1. Det er kort tid fram til kontraktsoppstart og vi gler oss til å sjå dei nye fartøya som skal trafikkere sambanda, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Fjord1 er svært glade for denne kontrakten og ser fram til å ta fatt på operasjonen med nye, innovative og miljøvennlege ferjer på desse to sambanda i 2019 og 2020.  Særleg gledeleg er det for Fjord1 at vi etter 19 år kjem tilbake på sambandet Hareid-Sulesund samstundes som vi held fram operasjonen på Sykkylven-Magerholm, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 AS.

Strenge krav til miljø

Kontrakten inneber ein omfattande reduksjon av CO2-utslepp, bruk av fossilt drivstoff og samla sett lågare energibruk. Det vert bygd fem nye plug-in elektriske ferjer med ein svært høg hybridiseringsgrad. Med dei nye ferjene blir CO2-utsleppa redusert frå om lag 18.000 tonn årleg i dag til om lag 1.900 tonn årleg - ein reduksjon på 89% av slike utslepp.

Fem fartøy

I kontrakten er det sett minstekrav om fem nye ferjer; tre fartøy med kapasitet på 120 personbileiningar på sambandet Hareid-Sulesund, og to fartøy med kapasitet på 120 personbileiningar på sambandet Sykkylven-Magerholm.

- I kontrakten ligg det også at det skal vere 20 minutt-frekvensar for begge sambanda i kjernetida, universelt utforma fartøy og at reserveferja ikkje skal vere eldre enn ti år, fortel Fuglseth.

Tilskot frå Enova

Møre og Romsdal fylkeskommune får støtte frå Enova som dekker delar av meirkostnadane som fylkeskommunen får som følgje av dei strenge miljøkrava som er stilt.

- Det kjem fleire konkurransar innan ferjedrifta i fylket i nær framtid. Vi håper på fortsatt god konkurranse i dei kommande anboda, seier juridisk rådgivar Jesper Wiig i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fartøya blir ein del av tilbodet til FRAM

Fartøya på sambanda Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm kjem til å bli ein viktig del av kollektivtilbodet til fylkeskommunen, kalla FRAM.

 
 

Kontrakten vart signert i 12-tida fredag 12. mai.

Bilde frå kontraktsignering med Fjord1

Fv: Odd Reidar Ormåsen (Fjord1 AS), Dagfinn Neteland (Fjord1 AS), Gudmund Lode (fylkeskommunen) og Jesper Wiig (fylkeskommunen).

Illustrasjon: Fjord1 AS

Illustrasjon: Fjord1 AS