Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Slik blir pengane fordelt til kommunale næringsfond i 2017

Kontaktpersonar

Eivind Vartdal Ryste Eivind Vartdal Ryste
Seksjonsleiar
71 28 02 16 /
Mob. 909 92 406
Send e-post

Slik blir pengane fordelt til kommunale næringsfond i 2017

I år blir kommunar i distrikta og kommunar med særskilte omstillingsbehov prioritert.

Distriktskommunar som Halsa vert prioritert i årets tildeling. (Foto: Uredd Foto)

Den 14. mars fordelte Regional- og næringsutvalet 15. mill kroner frå dei regionale utviklingsmidlane til kommunane sine næringsfond.

Hovudpotten på 12 mill. kroner går til distriktskommunar, 3 mill. kroner til kommunar med særlege omstillingsbehov. Fordelinga følger nye retningsliner frå kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD).

- Dei nye retningslinene inneber ei spissing i fordelinga, der distriktskommunar og kommunar med særskilte omstillingsbehov vert prioritert. Samstundes har vi foreslått å endre retningslinene slik at næringsfondet berre skal tildelast bedrifter eller samarbeid mellom bedrifter slik at fonda får ein endå sterkare næringsprofil, seier seksjonsleiar Eivind Vartdal Ryste i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mest og minst

Distriktskommunane får eit grunnbeløp på 500.000, i tillegg får nokre kommunar ekstra midlar gradert etter KMD sin distriktsindeks. Kommunane med lågast indeksverdi får 300 000 kr ekstra: Halsa, Vanylven, Aure, Smøla, og Tingvoll. På neste trappetrinn kjem Vestnes, Stranda, Gjemnes og Sykkylven som får 200 000 kroner, og Fræna og Midsund som får 100 000 kroner utover grunnbeløpet. 

Omstillingsbehov

Kommunar som har omstillingsbehov på grunn av nedgang i næringslivet deler på 3 mill. kroner, i tillegg til grunnbeløpet. Kristiansund, Herøy, Haram, Sande og Hareid får tildelt 350 000 kroner ekstra på grunn av krisa i den petroleumsrelaterte leverandørindustrien. Stordal får 400 000 kroner ekstra på grunn av eit meir langsiktig omstillingsbehov. Dette er knytt til prosjektet Vekst i Stordal, der ei styrking av næringsfondet er ein del av finansieringa.

Desse får ikkje

Kommunar som ligg utanfor det distriktspolitiske virkeområdet (sone I), får ikkje tildelt midlar i 2017. Det gjeld Molde, Ørskog, Skodje, Sula, Giske og Ålesund. Ulstein er også i denne kategorien, men får næringsfond (800.000 kr) på grunn av omstillingsbehov i næringslivet. Kommunar som har midlar att frå i fjor, får ingen tildeling eller bare grunnbeløpet. 

Bidra til nye arbeidsplassar

Det er også bestemt at Kommunalt næringsfond heretter berre skal brukast på bedriftsretta tiltak, i regi av enkeltbedrifter eller i form av nettverk mellom bedrifter. Tiltak som får støtte skal utløyse nye arbeidsplassar, eller sikre eksisterande. Søkjarar må oppgi kor mange nye arbeidsplassar tiltaket kan skape, eller bidra til å sikre. 

Kva er kommunale næringsfond?

Kommunane skal bruke næringsfondet til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i Møre og Romsdal. Støtte frå næringsfondet skal gå til bedrifter og nyetablerarar som bidrar til vekst ved å skape nye arbeidsplassar

Slik vertmidlane fordelt:

Kommune KNF 2017
Halsa 800 000
Vanylven 800 000
Aure 800 000
Smøla 800 000
Tingvoll 800 000
Stordal 900 000
Sandøy 500 000
Sande 900 000
Vestnes 700 000
Stranda 700 000
Gjemnes 700 000
Sykkylven 700 000
Haram 850 000
Averøy 500 000
Fræna 600 000
Midsund 600 000
Herøy 850 000
Hareid 850 000
Kristiansund 850 000
Ulstein 800 000
SUM

 

15 000 000