Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > -Sørsida vil skape eit mangfaldig og kunnskapsrikt kulturliv

Kontaktpersonar

Heidi-Iren Wedlog Olsen Heidi-Iren Wedlog Olsen
Fylkeskultursjef
71 28 03 38 /
Mob. 482 81 547
Send e-post

-Sørsida vil skape eit mangfaldig og kunnskapsrikt kulturliv

-Vi trur dette prosjektet vil gje kulturlivet i Ålesund og fylket elles eit løft, seier Marit Nerås Krogsæter, leiar i kultur- og folkehelseutvalet. I går gjorde kultur- og folkehelseutvalet eit einstemmig vedtak av det framlagte byggeprogrammet for Sørsidebygget i Ålesund.

Bygge- og vedlikehaldssjef Per Olaf Brækkan fortalde om planane for Sørsida i Ålesund.

Dersom alt går etter planen kan bygget stå ferdig allereie i 2021.

Fleirbrukshus med mange moglegheiter

Bygge- og vedlikehaldsjef Per Olaf Brækkan starta med å legge fram planane for prosjektet. Her vart det vist til framdriftsplan, økonomiske rammer og kva bygget skal innehalde. Prosjektet betyr ei samlokalisering av vidaregåande skole, kommunen sin kulturskole og regionsinstitusjonen Teatret Vårt. – Du må heilt til Stavangerområdet for finne liknande prosjekt, og det er få før oss som har turt å tenke så tverrfagleg som vi har gjort i dette prosjektet, sa Brækkan.

Ein møteplass i byrommet

Sørsida vil opne opp for mange moglegheiter, skape møteplassar og spanande synergiar mellom dei ulike aktørane, samt mellom fleire grupper av brukarar. Nærleiken til Kulturkvartalet og Ålesund bibliotek, samt andre kulturelle og kreative næringsetableringar i området, vil gjere området til ein viktig fellesarena for eksisterande og nye kulturtilbod i framtida, heiter det i saksframlegget. - Sørsida har vorte eit kulturprosjekt, ikkje berre eit skoleprosjekt. Dette trur eg er avgjerande for at det skal bli vellykka, sa Krogsæter.

Kompetanse og kultur

I første utbygging er det snakk om bygg på totalt 10 000 m2 og prisen er på 450 millionar kroner. I tillegg er det inntil vidare planlagt å bruke den eksisterande Latinskolen, som ligg like ved. Sørsida er planlagt å huse Ålesund vgs, med om lag 700 elevplassr, Ålesund kulturskole med 2000 elevplassar og Teateret vårt, barneteateret. – Ålesund treng dette. Sørsida vil gi Ålesund eit nødvendig løft, sa Frøydis Austigard, medlem av kultur- og folkehelseutvalet.

Miljøfremmande bygg

I diskusjonen vart det stilt spørsmål om miljøomsyna i byggeprosjektet. - Massiv tre gjev både mindre kostnader og er bra med tanke på miljøaspektet, fortalte Brækkan. Bygget skal byggast og driftast effektivt, og  skal ha maksimalt energiforbruk på 35 kWh/m2 per år.

Her kan du lese heile saksframlegget

Saka blir behandla i utdanningsutvalet 11. mai og i fylkesutvalet 29.-30. mai