Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Sykkylven-jenter fekk pris til barneheim-bygging i Ukraina

Sykkylven-jenter fekk pris til barneheim-bygging i Ukraina

Ungdomsbedrifta ’Girlpower’ ved Sykkylven vidaregåande skule fekk i dag Lions ungdomspris på 50.000 kr. for godt humanitært arbeid: Jentene i ungdomsbedrifta samlar inn pengar til finiansiering av bygg og interiør i ein barneheim i Ukraina. 

Ungdomsbedrifta ’Girlpower’ ved Sykkylven vidaregåande skule fekk i dag Lions ungdomspris på 50.000 kr. for godt humanitært arbeid: Jentene i ungdomsbedrifta samlar inn pengar til finiansiering av bygg og interiør i ein barneheim i Ukraina. 

Overrekkinga gjekk føre seg under ei samling i Grieghallen i Bergen fredag.

Gjennom tombola, loddsal, panting av tomflasker, pizzabaking, vårreingjering samt økonomisk støtte frå lokalt næringsliv har ungdommane det siste halvanna året samla inn over 100.000 kroner til barneheimen i Ukraina. Bygginga av barneheimen er godt i gang, og skal vere fullført i løpet av året. Sju jenter i alderen 13 – 15 år, som er gatebarn, skal flytte inn på senteret med borna sine.

Ville hjelpe
 Ungdomsbedrifta Girl Power UB blei etablert hausten 2008 av elevar ved Sykkylven videregående skule, og starta som eit ønskje om å hjelpe born i andre land som hadde ein vanskeleg kvardag. Dei etablerte tidleg eit samarbeid med hjelpeorganisasjonen Emanuel - hjelpende hender, som dreiv hjelpearbeid i Ukraina. Saman med lokale krefter starta dei arbeidet med å byggje opp ein barneheim for gateborn i landsbyen Strumok, nær hamnebyen Odessa.

 Sterke inntrykk
 I mai 2009 dro jentene sjølv til Ukraina, saman med lærar og representantar for Emanuel, for å sjå levekåra Ukraina og får eit inntrykk av korleis barneheimen ville bli. Turen betalte dei sjølv, og ikkje noko av pengane som var samla inn til barneheimen gjennom Girl Power blei brukt på turen. I Ukraina fekk dei vere med på å leggje grunnsteinen for barneheimen. Jentene kom heim at med sterke inntrykk etter møte med born og vaksne i lokalebefolkninga, og vanskane desse har i kvardagen.

Glade Girl Power-jenter etter pristildelinga

Sjå bloggen til ungdomsbedrifta:  http://girlpowerub.blogg.no/

Kontaktpersonar:

 

  • dagleg leiar i Girl Power, Benedikte Fylling, 94891765
  • Lions v/ Hilde Straumsheim, 90168669
  • rektor Sykkylven vgs, Barbro Oline Midtgård,  92619045