Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Temperaturmåling i finansuroa

Temperaturmåling i finansuroa

Norsk økonomi er framleis robust, men lønsnivået og bustadprisane i Norge er risikofaktorar. Svakare krone slår positivt ut for eksportnæringa i fylket vårt. Dette er noko av det som kom fram under seminaret “Finansiering i usikre tider” i Kristiansund tysdag 5. juni.

Bergljot Landstad og Arild Hervik følgjer situasjonen for næringslivet i Møre og Romsdal. Foto: Gunhild Dahle / MR fylke

I samband med møte i Regional- og næringsutvalet tysdag 5. juni i Kristiansund, gjekk Møre og Romsdal fylkeskommune, Sparebanken Møre og Innovasjon Norge gjekk saman om å arrangere temp-seminar med tittelen "Finansiering i usikre tider". Dette vart gjort i samarbeid med Møreforsking og NAV. Bakgrunnen for seminaret er eit behov for ein “statusoppdatering” av det årlege konjunkturbarometeret Temp som kjem ut i november, sett i lys av den finansielle uroa ute i Europa.

Det møtte om lag 50 personar til konferansen og tilbakemeldingane var gode.
-Den finansielle situasjonen ute i Europa slår ulikt ut for næringane i fylket vårt og vi treng å følgje utviklinga tett, seier regional og næringssjef Bergljot Landstad.

Bustadprisar ein risikofaktor

Sjeføkonom i Sparebanken Møre, Inge Furre, poengterte at norsk økonomi står fram robust i møte med dei utfordringane Europa står ovanfor, men at enkelte næringar i fylket vil slite. Dei mest openbare risikofaktorane er utviklinga i den internasjonale økonomien, oljeprisen, kronekurs og dei norske bustadprisane. Les heile foredraget til Inge Furre.

Solid banksystem

-Dei norske bankane og det norske finansielle systemet er solid, og målet er å oppretthalde funksjonaliteten i systemet, sa adm. direktør i Finansnæringens Fellesorganisasjon, Arne Hyttnes. Han tok opp “smitteeffekten” frå kredittpraksisen i Europa og at usikre tider fører til økt risiko og økt pris. Les heile foredraget til Arne Hyttnes.

Lav rente

Økt pris som følgje av uroa ute i Europa tok også Runar Sandanger frå Sparebanken Møre opp.
- Kapital har blitt dyrare og mindre tilgjengelig, og vi trur at det vil vere slik ei stund framover. Det som drar i positiv retning for låntakarane er at uroa i Europa fører til historisk lav rente. Les heile foredraget til Runar Sandanger

 -Noko har vi gjort riktig

Arild Hervik (Møreforsking/Høgskolen i Molde) er bekymra for gjeldsgraden i norske husstandar. Den er høg. Professoren er også bekymra for den kostnadsmessige konkurransekrafta. Akkurat no fell oljeprisen og krona er svak, noko eksportnæringa i fylket nyt godt av. Den ikkje-petro-relaterte industrien går usikre tider i møte. Hervik sa også at det er eit paradoks at eksporten av bearbeida varer går ned på landsbasis, men veks i Møre og Romsdal. -Vi sit fortsatt på ei grøn grein, så noko har vi gjort riktig, sa han. Les heile foredraget til Arild Hervik

Tal frå Nav

Ørjan Haram la fram "Bedriftsundersøkelsen 2012 for Møre og Romsdal. Nokre punkt frå den er

  • 1,8 % arbeidsløyse i M&R no, nest best i landet.
  • Ingeniørmangel i industrien
  • Manglar ressursar (fagfolk) i helse og undervisning (spesialistlegar og lærarar)
  • Bedriftsundersøkinga er eit viktig verktøy for å kunne sette i verk tiltak i arbeidsmarknaden.

Les heile bedriftsundersøkinga frå Nav

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 25 81 71 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Frank Madsøy
Ass. Regional- og næringssjef
71 25 81 91 /
Mob. 971 71 493
Send e-post