Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Nyheiter > Ut i sekken 2012/2013 - Påmelding

Ut i sekken 2012/2013 - Påmelding

Det er no klart for at grunnskulane kan søkje om "Ut i sekken" for neste skuleår. Søknadsfrist var 4.mai. "Ut i sekken" er eit Kulturlaugstilbod som byr på undervisningsopplegg for elevar i grunnskolen, best tilpassa for 4.–10.trinn.

Godt kvalifiserte instruktørar skreddarsyr aktiviteter og undervisning til ulike grupper, naturtyper og årstider. Undervisninga vil vere forankra i Kunnskapsløftet og er knytta opp til mange av kompetansemåla i matematikk, naturfag, historie, kroppsøving m.m. Ut i sekken blir arrangert heile skuleåret. Ein må derfor velje om ein ønskjer besøk haust, vinter eller vår.

Eit sentralt stikkord for Ut i sekken er å kombinere aktivitetar for å oppnå “Høg puls – låg puls”- effekt.

Aktivitetane er delt inn i desse kategoriane:

  • A: Arkeologi i steinalderkofferten
  • B: Ut i skogen - spikking
  • C: Ut i skogen - tjæremile
  • D: Jakt og fiske
  • E: Ut i kajakk
  • F: Opp i tau
  • G: Læring i friluft

Aktivitetane E, F og G kan ikkje finansierast med lokale Kultursekkmidlar.

Les meir om aktivitetane ved å opne denne lenka.

Påmeldinga er no stengt. Neste søknadsrunde for Ut i sekken blir våren 2013 for skuleåret 2013-2014.

Contacts

Martin Thomann-Langslet
Rådgiver
Mob. 481 47 890
Send e-mail