Møre og Romsdal er eitt av 19 fylke i Noreg, og ligg i den nordre delen av Vestlandet. Møre og Romsdal har ei kystline på heile 7700 kilometer mot Norskehavet, og dekkjer eit område på 15.000 kvadratkilometer.
I dette vakre og samansette fylket bur det ein kvart million menneske. Over halvparten bur i den sørlege delen av fylket – Sunnmøre. På Sunnmøre ligg også den største byen i fylket, Ålesund, med over 40.000 innbyggjarar.
Møre og Romsdal består av 36 kommunar, som varierer i storleik og i særpreg. Den minste kommunen, Stordal, har omlag 1000 innbyggjarar, medan den største; Ålesund har meir enn 40 gonger så mange innbyggjarar. Det seier seg sjølv at utfordringane kommunane står framfor er til dels svore ulike.
Møre og Romsdal har, som i Noreg elles, ein desentralisert infrastruktur. Her er t.d. 4 sjukehus, 4 flyplassar og 3 høgskular.
Historisk er Møre og Romsdal delt i tre fogderi, Nørdmøre, Romsdal og Sunnmøre, kvart med sitt dominerande bysentrum: Kristiansund, Molde og Ålesund.
Meir informasjon finn du under relaterte dokument til høgre på sida.