Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeskommunen har eit viktig samfunnsoppdrag som leverandør av velferdstenester og med eit særskilt ansvar for regional utvikling. Fylkeskommunen skal også vere ein demokratisk arena som gir innbyggjarane høve til å delta og ha innverknad på den regionale utviklinga.
Enkelt sagt tek fylkeskommunen seg av oppgåver som er for store for kommunane eller oppgåver som går på tvers av kommunegrensene. Oppgåvene blir løyst i samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar i fylket.
Fylkeskommunen sine viktigaste oppgåver i dag er:
- Vidaregåande opplæring (vidaregåande skoler, fagopplæring, vaksenopplæring mm.)
- Samferdsel (fylkesvegane, fylkesvegferjer, kollektivtrafikk i fylket, ruteopplysning mm.)
- Tannhelsetenesta (Den offentlege tannhelsetenesta)
- Fylkesplanlegging
- Næringsutvikling (Operativt ansvar for tilretteleggjande virkemidlar for næringsutvikling og entreprenørskap)
- Forvalte regionale utviklingsmidlar (strategisk bruk av nærings- og distriktspolitiske virkemidlar)
- Kultur (fylkesbibliotek, spelemidlar til idrettsanlegg, midlar til kulturbygg, driftstilskot mm.)
- Kulturminneforvaltning (freda kulturminne; arkeologi, ruiner, bygningar mm.)
- Folkehelse (pådrivar for regionalt og lokalt folkehelsearbeid)
- Internasjonalt arbeid
Fylkeskommunen skal fremje ei ønskt samfunnsutvikling i Møre og Romsdal. Mål for den regionale utviklinga er felt ned i Fylkesplan for Møre og Romsdal 2009-1012.
Møre og Romsdal fylkeskommune har ein visjon om å vere ein tydeleg medspelar med kjerneverdiane openheit, respekt, likeverd, medråderett og ansvar for fellesskapet.
Fylkeskommunen er ein politisk styrt organisasjon med fylkestinget (47 representantar) som det øvste folkevalte organet. Leiar for fylkestinget er fylkesordførar Jon Aasen. Andre sentrale utval med medlemer oppnemnt av fylkestinget er fylkesutvalet, hovudutval for utdanning, hovudutval for kultur, hovudutval for næring og miljø og hovudutval for samferdsel.
Møre og Romsdal fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgivarar med ca. 2400 tilsette. Ca 2000 av desse har sitt arbeid på ein av dei 24 vidaregåande skolane i fylket, medan ca 200 arbeider på ein av dei 38 tannklinikkane. Ca 250 arbeider i sentraladministrasjonen som er plassert i Molde.
Øvste administrative leiar i fylkeskommunen er fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.
I fylkeskommunen vår er det 54 prosent kvinner og 46 prosent menn.
Vi har ein gjennomsnittsalder på 50 år. Fylkeskommunen sitt budsjett for 2010 er på ca 3,0 milliard.
Gjennom forvaltningsreforma fekk fylkeskommunen tilført nye oppgåver frå 1. januar 2010.
Møre og Romsdal fylkeskommune sin historie går nesten 200 år tilbake i tid.