Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Om fylkeskommunen > Fylkessong for Møre og Romsdal

Fylkessong for Møre og Romsdal

I samband med tusenårsskiftet, kom ideen opp om å få laga ein fylkessong for Møre og Romsdal. Det vart tillyst ein open songkonkurranse for å få skriven ein Møre og Romsdalssong.

28 forslag vart sendt inn, og ein fagjury kåra songen "Hjemlengsel" av Ole Wille til vinnar. Songen er spelt inn med Øivind "Elg" Elgenes på vokal.

Høyr songen her:

 

"Hjemlengsel"
Tekst og musikk: Ole Wille

I  natt så drømte eg ei terne si:
"Koffer e du ikkje lykkelig?
Du dro din veg, arg på ei regnverssky,
og vinden bleste deg te' Oslo by"

Men Mørekysten lengtar etter deg,
han hugsa alle dine barndomssteg,
han minnest enno sine høge bølga mot din fot,
og kor glad du svømte dem imot.

Og kæm bryr seg om at stormen bles,
og at havet slår mot strand,
og at det regnar heile dagen,
når de e ditt eige land?

Eg lengtar heim te`Mørekysten
og den ramme smak av salt,
eg lengtar heim til fjord og fjell,
og frihet over alt

Alle fuglar må ut og fly,
kvart yngel lengtar mot eit hav,
som er så mykje, mykje større enn,
det mor og far gav.

Men så ein dag kjem lengselen,
den e' då underleg og stor,
då sitrar kvar nerve i deg,
mot staden du vart fødd på jord.

Og kæm bryr seg om at stormen bles,
og at havet slår mot strand,
og at det regnar heile dagen,
når det e' ditt eige land?

Eg lengtar heim te' Mørekysten
og den ramme smak av salt,
eg lengtar heim te' fjord og fjell,
og frihet over alt.

Vokal: Elg
Gitar: Jacob Young
Bass: Rolf Graf
Percussion: Kennet Ekornes
Kor: Mariann Lisland
Fløyte: Patrick Shaw Iversen
Obo: Anne Grethe Orvik
Synth: Giert Clausen