Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Historie

Historia til fylkeskommunen går over 300 år tilbake i tid. På denne sida vil du finne nokre høgdepunkt, samt ei oversikt over fylkesordførarar og fylkesrådmenn frå 1975 og fram til i dag.

Fylkesordførarar i Møre og Romsdal fylkeskommune

 

Jon Aasen (Ap) 2011-

Olav Bratland (H), 2007-2011

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap)

Ole Eimund Øverland (Sp), 1995-2003

Grethe Westergaard Bjørlo (Ap), 1991-1995

Lars Ramstad (H), 1984-1991

 

Ingvard Sverdrup (H), 1981 og 1983
(Fungerande)

 

Kjell Furnes (KrF), 1975-1983

 

 

 

Fylkesrådmenn i Møre og Romsdal fylkeskommune:

 
fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik

Ottar Brage Guttelvik, 1999-

 

  • Per Kibsgaard-Petersen, 1996-1999
  • Thor Sætherø, 1988-1996
  • Kåre Ellingsgård, 1976-1988

 

Historia i korte trekk

  • Møre og Romsdal har ein over tre hundre år gammal tradisjon som eige amt (fylke).
  • Frå 1832 vart dette også regionalt folkestyre.
  • 1670: Plan for administrativ inndeling nemner for første gong Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre som eí administrativ eining under namnet "Romsdals Ampt"
  • 1671: Christian Lindenov blir første amtmann
  • Frå 1704: Møre og Romsdal fast etablert som amt (fylke) med om lag dei same grensene som i dag. Amtsinndelinga blir stabil.
  • 1837: Formannskapslovene. Folkestyre innført, med folkevald representasjon i mellom anna Amtstinget
  • I tiåra som følgde forvalta amtskommunen viktige oppgåver knytt til sjukehus, skular og vegar:
    1899 – Landbruksskule på Gjermundnes
    1924 – Raumabanen opna
    1936 – Trollstigvegen fullført
  • 1919: Amt og Amtsting endra til fylke og fylkesting. Amtsmann vart fylkesmann. Romsdals Amt vart Møre fylke.
  • 1935:Møre fylke endra til Møre og Romsdal fylke
  • 1964: Ny lov for fylkeskommunar, der heradsstyra og bystyra vel representantar til fylkestinget i høve til innbyggjartalet  i kommunane
  • I 1964 får fylkeskommunen ansvaret for:
    -Sjukehus og sjukeheimar
    -Institusjonar for psykisk utviklingshemma
    -Ny veglov
    -Vidaregåande skular
  • 1976: Sjølvstendiggjering av fylkeskommunen
    -Direkte val på fylkestingsrepresentantane
    -Eigen administrasjon leia av fylkesrådmann
    -Rett til skattlegging
  • 1977: Nytt fylkesvåpen for Møre og Romsdal tatt i bruk
  • Etter 1976: Fylkeskommunen utviklar seg frå og vere ein tenesteprodusent til å bli samfunnsbyggar
  • Oppgåvefordelinga mellom stat/fylke/kommunar justert fleire gonger:
    -nokre oppgåver overført
    -nye oppgåver tilført
  • 2002-2009: Forsøksordning med einskapsfylkemodellen, under namnet Møre og Romsdal fylke. Felles administrasjon for statlege og regional-politiske oppgåver.
  • I dag: Det store fleirtalet av tilsette i fylkeskommunen finn vi innan utdanning, tannhelse og kultur. Dette er lærarar, driftspersonale ved vgs, tannlegar og tilsette ved tannklinikkane, fylkesbiblioteket, Møremusikarane med fleire.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune løyser oppgåver innan utdanning, planlegging og miljø, folkehelse, regional utvikling, kultur, naturforvaltning, regional- og næring, samferdsel og tannhelse.

 

Romsdal Amtsting 1890