Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Arbeidsgivar - HR > 120 nye medarbeidarar på introduksjonsdag

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post
Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

Dokument

Presentasjonar - Introdag 13.09.11
PDF-dokument - 7,22 MB

120 nye medarbeidarar på introduksjonsdag

13. september var i overkant av 120 nye medarbeidarar samla til felles introduksjonsdag. I tillegg var 14 nye leiarar  samla den 14. september til introduksjonsdag der leiarrolla stod i sentrum.

På programmet den 13. var mellom anna presentasjon av organisasjonen, samfunnsoppdraget, tenesteområda og rolla til fylkeskommunen som regional utviklingsaktør.

- Vi er ein av fylkets største arbeidsgivarar med omlag 2400 tilsette og rekrutterar om lag 200 nye medarbeidarar kvart år. Omlag 2000 arbeider ute på ein av dei 23 vidaregåande skolane eller dei to fagskolane. Om lag 190 arbeider på 38 tannhelseklinikkane vi har i fylket. I tillegg har vi vel 230 tilsette i sentraladministrasjonen på fylkeshuset. Det er derfor viktig at vi set av ein dag to gongar i året, og samlar nye medarbeidarar, slik at dei får innsikt i og kjennskap til det omfattande samfunnsoppdraget vi som fylkeskommune har, seier personalsjef Dag Lervik.    

Introduksjonsdagen er ein del av satsinga i arbeidsgivarpolitikken der  introduksjonsprogram for nytilsette er eit sentralt innsatsområde.  Nye medarbeidarar skal få kunnskap om organisasjonen, visjonane og verdigrunnlaget til fylkeskommunen. Kva står vi for som arbeidsgivar og kva forventningar har vi til våre nye medarbeidarar.

-Vi er godt nøgde med gjennomføring av haustens introduksjonsdag og har gjennom evalueringa fått nyttige innspel på kva vi kan gjere annleis  for å gjere dette endå betre. Ein ekstra gevinst som mange har peika på er muligheita til å få treffe kollegaer innan for andre fagområder og med andre lokasjonar enn det som dei sjølve har til dagleg, avsluttar Lervik.

Gruppearbeid og refleksjon
Grupperefleksjon på introduksjonsdagen - Du har ikke tilgang til å se dette objektet.