Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Arbeidsgivar - HR > Ein tydeleg medspelar i ti år

Kontaktpersonar

Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

Ein tydeleg medspelar i ti år

I år er det ti år sidan Kom trainee vart oppretta. Ordninga har vore ein suksess frå dag ein, og  fylkeskommunen har vore med heilt sidan starten i 2006.

I juni vart 10-årsjubilanten Kom trainee feira i Kristiansund. Her er tidlegare og noverande traineear samla under Tahitkonferansen. 

Den aller første traineen var på plass i fylkeskommunen hausten 2006. – Det har vore eit stort engasjemnet for å lykkast - og det har Kom trainee. Meir enn 50 unge med høg utdanning har flytta og arbeidd i regionen, seier Marianne Hojem Bye, rådgivar i fylkeskommunen. Bye har vore fylkeskommunen sin representant i heile perioden. 

Over 50 traineear

Meir enn 50 traineear har i perioden gjennomført eit to-årig løp. I løpet av dei to åra har dei arbeidd i opptil tre ulike arbeidsplassar, gjerne innanfor tre heilt forskjellige bransjar. Av desse har fleire hatt ein eller to modular hos fylkeskommunen, i utdanningsavdelinga, regional- og næringsavdelinga, kulturavdelinga, plan- og analyse, informasjonsseksjonen, personalseksjonen, hos fylkestannlegen eller på ein vidaregåande skole . - 1. januar 2017 er trainee nummer 15 på plass hos oss, fortel Bye. 

Bilde av kull 2016 Kom trainee, tatt på 10-årsmarkering for Kom trainee

Nytt kull vart ønska velkommen under 10-års jubileet i Kristiansund. Frå venstre Inger Johnsen, Sunniva Hellandsvik Ødegård, Ragnhild Nautnes og Madeleine Hauge Hide. Ødegård startar som trainee i fylkeskommunen i september. 

Dei fleste blir buande

For fylkeskommunen har det vore viktig å delta i traineeprogrammet, og slik bidra til regionalutvikling i Kristiansundsområdet. Ordninga har skaffa fleire unge med høg kompetanse til regionen. Ein del har vore tilbakeflyttarar etter endt studiar, men flesteparten kjem flyttande til regionen for første gong. 70 % av dei som har gjennomført bur framleis i regionen. Traineeane har etter kvart vorte gode ambassadørar for regionen, og svært mange av dei er med på å bidra til aktivitet i lokalsamfunnet på fritida.

Døropnaren 

Ein av dei som har flytta til regionen er Ingrid Walstad Larsen, som er utdanna sosiolog.  Ho har hatt alle tre modulane sine i fylkeskommunen, og er no inne i sin siste periode, hos personalseksjonen. Tidlegare har ho vore på Kristiansund vidaregående skole og på fylkestannlegen sitt kontor. - Kom trainee har opna mange dører for meg, seier Larsen. Ho fotel at som trainee, har ho opplevd å få eit stort sosialt og fagleg nettverk. - Eg har hatt det heilt topp som trainee, og no er eg glad for at eg har fått fast stilling hos fylkestannlegen etter endt traineeperiode, avsluttar Larsen. 

Bilde av trainee Ingrid Walstad Larsen og Asle Klock

For Ingrid Walstad Larsen har Kom trainee vore ein god døropnar. Her saman med kollega Asle Klock

Om Kom trainee
  • traineeane blir tilsatt i eit to-årig engasjement
  • opptil tre ulike arbeidsplassar
  • fagprogram
  • personleg rettleiing og utviklingsplan
  • 14 medlemsbedrifter, både offentlege og private
  • tverrfagleg
  • målgruppa er nyutdanna med bachelor eller mastergrad