Lektor Helene Hanken
Helene Hanken er tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune og jobbar som lektor ved Spjelkavik vidaregåande skule i Ålesund. I tillegg er ho IB-koordinator ved skulen og deltek i realfagsnettverket i fylket.
Hanken er utdanna ved Universitetet i Oslo, med hovudfag i Oseanografi ved Institutt for Geofysikk og har praktisk-pedagogisk utdanning frå NTNU.
- Fortel om jobben din?
- Eg underviser i faga matematikk og fysikk og er tilsett som koordinator for å jobbe fram ei internasjonal IB-linje ved skulen (International Baccalaureate). I tillegg til dette leiar eg, saman med to andre, realfagsnettverket i Møre og Romsda. Det er eit nettverk for alle realfagslærarar i den vidaregåande skulen i fylket. Arbeidet mitt er såleis variert med både undervisning, fagleg utviklingsarbeid og nybrottsarbeid. Til dagleg er det nok skulen eg føler er min næraste arbeidsgjevar. I arbeidet med fagnettverket har vi kontakt med utdanningsavdelinga i fylkeskommunen, og får såleis innsyn i ulike prosessar og har også moglegheiter for å påverke. På denne måten har vi noko kontakt med fylkeskommunen, som reint geografisk er langt unna. Arbeid for skuleutvikling er viktig og nødvendig for å ha ein god skule, og dette kunne nok vore prioritert endå sterkare.
- Har jobben innfridd dei forventningane du hadde då du vart tilsett?
Fagleg fokus var svært viktig for meg då eg begynte å undervise. Etter å ha jobba i skulen ei tid er fokuset mitt breiare, og eg er nok meir audmjuk i møtet med kvar enkelt elev. I tillegg betyr det mykje for meg å oppleve at min kompetanse og erfaring er viktig, slik at eg får vere med å påverke endringar og framtida i skulen.
- Korleis er ein typisk arbeidskvardag?
- Ein typisk arbeidsdag for meg inneheld førebuing av undervisning, arbeide fram prøver, planlegging av ulike fysikkeksperiment, gjennomføring av timar, retting av prøver, samarbeid med kollegaer, planleggje og delta på møte og halde kontakt med elever og foreldre. I samband med at skulen skal søkje om IB-linje har eg også mykje kontakt med andre skular som tilbyr IB-linje og reiser på ulike kurs i regi av IB-systemet.
- Kva likar du best ved jobben din?
- Arbeidet mitt er variert og utfordrande på ulike måtar. Eg liker kontakta med elevar og fokuset på læring, fordi då er gleda ved å mestre nye ting ikkje langt unna. Det kan vere ei utfordring å oppnå det gode møtet med eleven i klasserommet og finne nye måtar å forklare ein ting på for at eleven skal oppnå forståing. Ved å arbeide i skulen er kompetanseutvikling og kursing naudsynt og viktig, fordi fag, læreplanar og skulen er i stadig endring. Dette er det ein del av, men det kan vel nesten ikkje bli for mykje heller.
- Kvifor vil du anbefale andre å søkje jobb i Møre og Romsdal fylkeskommune?
- Å vere lærar i den vidaregåande skulen er viktig og naudsynt. I Møre og Romsdal fylke treng vi mange faglig dyktige personar som kan føre vidare den kompetansen som ein heil generasjon snart avtroppande akademikare pensjonerer seg med.
