Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tannlege Tone Nord

Tone Nord er utdanna tannlege frå Tannlegehøyskolen i Oslo, med tilleggsutdanning innan bedriftsøkonomi, organisasjon og leiing.

Ho jobbar som klinikkleiar/tannlege ved distriktstannklinikken i Rauma, for tida med ein administrativ del som konstituert overtannlege for eitt av fylkeskommunen sine 5 tannhelsedistrikt.

- Fortel om jobben din.
- Jobben min som klinikkleiar ved Distriktstannklinikken i Rauma er å sørgje for at vi gir eit godt tannhelsetilbod, hovudsakleg til dei gruppene tannhelsetenestelova prioriterer, m.a. born i alderen 0-18 år, rusmisbrukarar, psykisk utviklingshemma og eldre i institusjon og heimesjukepleie. I tillegg til tannbehandling driv vi også førebyggjande tannhelsearbeid saman med ulike samarbeidspartnarar i kommunen - som barnehagar, helsestasjonar, skular, pleiepersonell på institusjonar osv.

Som konstituert overtannlege er eg fagleg og administrativ leiar for eit distrikt med 10 tannklinikkar, og inngår då i fylkestannlegen sitt leiarteam. Den største utfordringa for tannhelsetenesta i dag er å sørgje for rekruttering og stabilisering av bemanninga, av omsyn både til dei som nyttar våre tenester, og til eigne tilsette. Dette fordi det er mange som har krav på eit godt offentleg tannhelsetilbod – og fordi belastninga blir stor ute på klinikkane dersom bemanningssituasjonen ikkje er tilfredsstillande.

- Har jobben innfridd dei forventningane du hadde då du vart tilsett?
- Forventningene mine som nytilsett - og nyutdanna - var å få ein trygg arbeidsplass, der ryddige arbeidsforhold tillet å fokusere kun på arbeidsoppgåver relatert til fagutdanninga. I tillegg ønskte eg å ha erfarne kolleger i nærmiljøet for kunnskaps- og erfaringsutveksling.

Å jobbe i den offentlege tannhelsetenesta har blitt langt meir variert og utviklande enn eg hadde forventa. Med varierte, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver, hyggelege medarbeidarar og god tilrettelegging for kompetanseutvikling, føler eg meg privilegert som arbeidstakar i fylkeskommunen.

- Korleis er ein typisk arbeidskvardag? 
- Distriktstannklinikken i Rauma kommune har ansvaret for å drive oppsøkjande verksemd overfor grupper av pasientar i kommunen, definert i tannhelsetenestelova. Utover tannbehandling, skal vi også drive førebygging, som krev tverrfagleg samarbeid. Arbeidsdagane vekslar derfor mellom tannbehandling/klinisk arbeid, administrative oppgåver, samt møte med ulike offentlege etater eller anna fagpersonell som er naturlege samarbeidspartnarar.

- Kva likar du best ved jobben din? 
- Allsidigheita! I tannhelsetenesta jobbar vi med førebyggjande og behandlande tiltak i forhold til tann- og munnsjukdommar overfor store delar av befolkninga. Vi får jobbe med menneske i alle aldrar, noko som gir allsidig praktisering av tannlegefaget og utfordringar i forhold til å skape gode relasjonar til pasientane i dei ulike gruppene vi er tillagt eit spesielt ansvar for.

Eg har fått tilrettelagt for deltidsstudium/kompetanseutvikling innan bedriftsøkonomi, organisasjon og leiing i den tida eg har jobba i fylkeskommunen. Ved å inngå i fylkestannlegen sitt leiarteam får eg mulighet til å vere med å påverke og ta avgjerder som gjeld tannhelsetenesta som tenesteytar og arbeidsplass.

- Kvifor vil du anbefale andre å søkje jobb i Møre og Romsdal fylkeskommune? 
- At vi forvaltar viktige samfunnsoppgåver, tildelt av samfunnet, gjer jobben vår unik. Tannhelsetenesta skal levere eit godt tannhelsetilbod til store grupper av innbyggjarane i Møre og Romsdal – og har eit viktig samfunnsansvar for tannhelsa generelt. Variasjonsbreidda i oppgåvene, og kva dette betyr for dei som tek imot tenestene våre, gjer jobben vår meningsfull!

Som arbeidstakar i fylkeskommunen blir du også del av eit større fagleg nettverk med høg kompetanse. Du har gode kolleger og mulegheit for karriereutvikling innad i organisasjonen. Som arbeidstakar i fylkeskommunen har ein også ein trygg og ryddig arbeidsplass, der rettane til den enkelte blir godt tatt vare på. Fylkeskommunalt tilsette har mange velferdsgoder og gode ordningar for arbeidstid, pensjon, ferie, permisjonar m.m.

Du får ein trygg og meningsfull arbeidsplass, med spennande og varierte oppgåver!

Tone Nord:

"Som arbeidstakar i fylkeskommunen blir du også del av eit større fagleg nettverk med høg kompetanse. Du har gode kolleger og mulegheit for karriereutvikling innad i organisasjonen. (..) Du får ein trygg og meningsfull arbeidsplass, med spennande og varierte oppgåver!"

Tone Nord

Møt fem tilsette