Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Arbeidsgivar - HR > Kommunikasjon og lærande møte – AGP 2015

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post

Kommunikasjon og lærande møte – AGP 2015

Den 10. og 11. mars var vel 300 leiarar, tillitsvalde og verneombod i fylkeskommunen samla til den årlege AGP-konferansen. Årets samling hadde fokus på utvikling og kvalitet gjennom samhandling, god kommunikasjon og lærande møteplassar.

AGP 2015

Dag ein starta med ein introduksjon til den nye kommunikasjonsstrategien ”ein organisasjon – ei stemme” ved informasjonssjef Inger Johanne Moene. Ho fortale om prosessen rundt dokumentet, og at kommunikasjonsstrategien skal vere førande for eit godt og einskapleg kommunikasjonsarbeid, og skal gje rammer og føringar for korleis vi skal vere synleg i det offentlege rom.

Med kommunikasjonsstrategien i botn, fekk vi to engasjerande og inspirerande foredrag frå Nils Apeland og Gunvor Ulstein. Gjennom ein kombinasjon av fagleg forankring, ferske eksempel og gode historier, snakka Apeland om kultur-, omdømme- og identitetsbygging. Gunvor Ulstein, konsernsjef I Ulstein Group ASA og

administrerande direktør i Ulstein Shipping AS, gav oss ei innføring i skaparglede. Ulstein pekte på at ein organisasjon treng å ha motiverte medarbeidarar for å skape resultat, og at utvikling av kommunikasjon, kunnskapsdeling, respekt og tillit i organisasjonskultur er sentralt for at det skal gå.

Under dag to fekk vi høyre om Produktiv utviklingskultur ved Knut Roald. Gjennom tematikken produktiv utviklingskultur og lærande og effektive møte gav han forsamlinga fagleg påfyll og trening i bruk av konkret metodikk. Konferansen vart avslutta med eit morosamt og inspirerande innlegg om kommunikasjon og samhandling på tvers av ulike organisasjonskulturar ved Pellegrino Riccardi.

Heile konferansen vart knytt saman av Gerd Brattli som var konferansier.

Presentasjonane og evaluering m.m frå konferansen finn du her

 

Nils M. Apeland

Gunvor Ulstein

Knut Roald

Knut Roald

Pellegrino Riccardi

Pellegrino Riccardi