Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Arbeidsgivar - HR > Lærerikt å vere trainee i fylkeskommunen

Lærerikt å vere trainee i fylkeskommunen

Nina Skaugvoll (t.v.) og Signe Sefland har denne vinteren vore traineear i Møre og Romsdal fylkeskommune. - Kjekt å jobbe i eit system med så mykje høg og variert kompetanse; vi har lært utruleg mykje, seier dei to.

Nina Skaugvoll (t.v.) og Signe Sefland har denne vinteren vore traineear i Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein attraktiv arbeidsplass for unge høgt utdanna. Fylkeskommunen har deltatt i trainee-ordninga KOM trainee sidan starten i 2006. Eigunn Stav Sætre var vår første trainee. Ho starta ut hausten 2006 i regional- og næringsavdelinga med sitt trainee-løp, og er no internasjonal koordinator med arbeidsstad regional- og næringsavdelinga.

BILDET: KOM Trainee sine to kull

Marianne Hojem Bye er fylkeskommunen sin representant i KOM trainee.  I eit nettverk av 20 verksemder, både private og offentlege, tek nettverket kvart år imot om lag sju nye trainee-kandidatar til vår region. Det har vist seg at Møre og Romsdal fylkeskommune er ein attraktiv arbeidsplass i denne samanhengen.  Ein trainee sa det slik: “Om vi får vere trainee i fylkeskommunen, får vi også delta i samfunnsutviklinga “.

Rekruttering til vår region og til fylkeskommunen krev innsats på mange område. Etter fem år, har vi god erfaring med vårt engasjement i KOMtrainee. Ni unge høgt utdanna kandidatar har hatt sine trainee-løp i fylkeskommunen.  Regional- og næringsavdelinga har hatt stort engasjement, og har saman med kulturavdelinga og Kristiansund vidaregåande skule, tatt imot alle kandidatane.

Nina Skaugvoll og Signe Sefland er dei to traineeane som er på fylkeskommunen denne perioden. Signe jobbar med internasjonalt arbeid på Regional- og næringsavdelinga, og Nina jobbar på Plan- og analyseavdelinga. Begge trivst særs godt og opplever å ha spanande oppgåver på fylkeshuset.

Nina: Eg starta som trainee i Kom Trainee høsten 2010, og er nå over halvveis i min fyrste modul her i fylkeskommunen. 1. mai drar eg vidare til Averøy og Kristiansund kommune, og siste modul skal eg vere i helseforetaket.

Eg har bakgrunn i sosialantropologi, kor eg har hatt fokus på bedrifts- og organisasjonsantropologi. Eg kommer eigentleg frå Gildeskål kommune i Nordland, og har studert ved NTNU i Trondheim. Våren 2010 søkte eg på traineestilling i Kom Trainee, og intervjudagane var min første tur til Møre og Romsdal fylke. Sjølve jobben og de profesjonelle muligheitene eg ville få som trainee var den viktigaste grunnen til at eg søkte på jobben. Eg hadde ikkje noko forhold til Møre og Romsdal på førehand, og eg var veldig spent på korleis det ville være å etablere meg på ein ny plass kor eg ikkje hadde noe nettverk frå før av. Det viste seg raskt at eg hadde lite å være bekymra for, Kom Trainee er ikkje bare et sterkt profesjonelt nettverk av bedrifter, men også et sosialt nettverk av traineer, tidligare traineer og andre kjente av traineene. Eg følte eg ble tatt godt imot og har enda ikkje hatt tid til å kjede meg sidan eg flytta hit!

I Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar eg på plan- og analyseavdelinga som rådgivar innafor statistikk og analyse. Eg har jobba med ulike statistikk- og analyseoppgåver, som fylkesstatistikken, oppdrag frå kommunane og folkehelsestatistikk i samarbeid med kulturavdelinga. Eg er også blitt kobla på plansaksbehandling kor eg behandlar nokon av dei plansakane som kjem inn til fylkeskommunen. Eg har skreve rapport på gjennomgåande perspektiv og flaggsaker i fylkesplanen for 2010. Etter nyttår starta eg arbeidet med å skrive artikkel til RISS, som skal komme ut i løpet av våren. Eg har også hatt anledning til å delta på en del konferansar og møter, og har lært utrolig mye om fylket og den politiske organiseringa av fylkeskommunen.

Signe: Eg starta også i haust, og er trainee på Regional- og næringsavdelinga. Eg er så fornøyd med å få vare trainee her på fylkeskommunen, og at eg får jobbe saman med folk som er genuint opptekne av regional utvikling. Her er det høg og utrolig variert kompetanse, innanfor alt frå havbruk, viltforvaltning, bustadsutvikling, entreprenørskap, energi, og turisme, der alle arbeidar for at regionen vår skal utviklast og stadig bli ein betre stad å bu. Det er artig å jobbe ut frå så positive rammar.

Sjølv arbeider eg med internasjonalt arbeid her på huset, og har fått vore med i spanande internasjonale fora og nettverk. Eg har vore på Open Days i Brussel og fått innsyn i EU og ulike utfordringar som er felles for fleire regionar i Europa, eg har fått vore med inn i fora som arbeider for nye transportløysningar med auka miljøgevinst, og også vore med fleire andre stader der fylkeskommunen engasjerer seg internasjonalt.

I tillegg til å vere med i daglege oppgåver innanfor det internasjonale arbeidet på huset, har eg hatt som ei av mine hovudoppgåver å arbeide med Aktiv Ungdom, EU sitt ungdomsprogram for uformell læring. Eg har fått arrangert workshop for ungdommane og hatt innlegg opp mot kommunane, slik at ungdom og kommunar i fylket vårt skal få vite meir om moglegheitene som ligg i Aktiv Ungdom. No er eg i gang med å sjå på korleis vi kan få representert det internasjonale arbeidet betre på heimesida vår.

Etter traineeperioden hos fylkeskommunen, skal eg vidare til Helseforetaket, med arbeidsplass Kristiansund. Siste modul skal eg vare på Vestbase i Kristiansund, som er forsyningsbase for olje- og gassindustrien i Midt-Norge. Tre særs ulike arbeidsplassar, men nettopp det at dei er så ulike, er det som gjer det spanande og utviklande. Sjølv har eg bakgrunn som religionshistorikar, med hovedfag som omhandlar islam i Indonesia. Det beste med KOM trainee, er at eg får prøve meg på heilt nye og ulike arbeidsfelt. Slik får eg ein unik moglegheit til å finne ut kva eg ønskjer å arbeide med i framtida.