Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Arbeidsgivar - HR > Over 100 nye medarbeidarar samla på introduksjonsdag

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Personalsjef
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post
Marianne Bye Marianne Bye
Rådgivar
71 28 01 76
Send e-post

Dokument

Velkommen til introduksjonsdag 2014
PDF-dokument - 4,19 MB
Kulturavdelinga
PDF-dokument - 368,22 kB
Plan og utvikling
PDF-dokument - 875,88 kB
Presentasjon Administrasjonssjefen
PDF-dokument - 1,40 MB
Samferdsel
PDF-dokument - 1,25 MB
Regional- og næringsavdelinga
PDF-dokument - 757,48 kB

Over 100 nye medarbeidarar samla på introduksjonsdag

Onsdag 17. september var over 100 nye medarbeidarar samla til introduksjonsdag for nytilsette på Hotel Rica Seilet i Molde. - Målet med introduksjonsdagen er å gi nye medarbeidarar kunnskap om organisasjonen Møre og Romsdal fylkeskommune, seier personalsjef Dag Lervik.

Introduksjonsdag 2014

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik opna introduksjonsdagen og ønskte alle nye medarbeidarar velkomne. På programmet var mellom anna presentasjon av organisasjonen, samfunnsoppdraget, tenesteområda og rolla til fylkeskommunen som regional utviklingsaktør.

- Vi er ein av fylkets største arbeidsgivarar med omlag 2500 tilsette, og vi har aktivitet i alle kommunane i fylket gjennom ulike prosjekt, tannhelseklinikkane og dei vidaregåande skolane, sa Guttelvik under opninga.

– Det er viktig at vi set av tid, og samlar nye medarbeidarar, slik at dei får innsikt i og kjennskap til det omfattande samfunnsoppdraget vi som fylkeskommune har, seier personalsjef Dag Lervik.

Introduksjonsdagen er ein del av satsinga i arbeidsgivarpolitikken der introduksjonsprogram for nytilsette er eit sentralt innsatsområde. Nye medarbeidarar skal få kunnskap om organisasjonen, visjonane og verdigrunnlaget til fylkeskommunen. Kva står vi for som arbeidsgivar og kva forventningar har vi til våre nye medarbeidarar. Etter eit felles program før lunsj, vart deltakarane i løpet av den siste delen av dagen, delt opp i grupper for utdanning, tannhelse og sentraladministrasjon, der kvar gruppe hadde eige opplegg retta mot avdelinga dei er tilsette i.