Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Søkjarrettleing

Søkjarrettleing

Her finner ei søkjarrettleiing til deg som vil søkje på stilling i Møre og Romsdal fylkeskommune.

NB! 

Ny som søkar? : Register deg før du søkjer på ei stilling!
Klikk deg inn på stillinga du vil søkje på. Gå rett til registrer søker!

Visma_web_4
Visma_web_3

 

Er du alt registrert som søkar/er tilsett?: Logg deg inn før du søkjer på stilling!

Visma_web_1
Visma_web_2

Alle ledige stillingar blir lagt ut på mrfylke.no/jobb. Søknad og CV må sendast elektronisk via annonsen. For meir informasjon om stillinga, kontakt den som står nemnd i annonseteksten.

Personopplysningslova
All informasjon som du gjev frå deg til vårt elektroniske søknadssystem vert behandla i samsvar med personopplysningslova.

Ledige stillingar
For å lese ei stillingsannonse, klikk på stillingsnemninga. I annonsen finn du lenkje for å søke på stillinga. Sjå ledige stillingar.         

Tidlegare søkjar
Har du registrert CV-en din hos oss tidelgare skriver du inn brukarnamn og passord, og deretter ”Logg på” for å skrive søknaden.

Ny søkjar
Klikk på ”Registrere CV.” Hak av «Jeg er en søker og skal opprette meg som bruker for første gang.» Les gjennom personvernerklæringa og godta innhaldet til slutt.

Start registrering av felt. Vær obs på at du bør fylle ut CV-en din så detaljert som mogleg. Felt med raud stjerne er obligatorisk.

Endringar i CV, også etter at søknaden er sendt, vil automatisk bli oppdatert. Du kan oppdatere/leggje inn meir informasjon i CV-en din når du måtte ønskje det.

Gløymt brukarnamn/passord
Legg inn eposten din i brukarnamnfeltet og trykk send. Du vil få tilsendt nytt passord på epost. 
NB! “Vi rår deg til alltid å registrere deg som søkar og fylle ut CV før du går inn og søkjer på ei stilling. Fyller ein ut CV mens ein søkjer på stilling får ein ikkje lagra CV’n før søknaden er sendt. Lite gunstig om ein manglar informasjon.

"Språk"
Du må ikkje byte val av nynorsk/bokmål undervegs i CV-registreringa. Dersom du gjer det, vil tekst bli skjult i visningsmodusen og ikkje synleg for leiar som får opp CV-en din når du har søkt stilling.

Hugs å lagre
Hugs å lagre for kvar arkfane du fyller ut. Du er ansvarleg for at all informasjon i CV-en din er korrekt og at du kan dokumentere innhaldet.

Stadfesting per e-post
Alle som har sendt inn søknad vil få stadfesting på oppgitt e-postadresse om at søknaden er motteken. Dette skjer når søknadsfristen ha gått ut.

Mine jobbsøknader
I feltet “Meg sjølv/Søknader" kan du sjå kor mange søknader du har sendt og status for saksbehandlinga.

I feltet “Meg sjølv/Kompetanse” kan du oppdatere cv, legge inn vedlegg etc.

Abonner på «Stilling ledig»
Du kan bruke Jobbagent for å abonnere på varsling når stillinga du er interessert i blir publisert i Møre og Romsdal fylkeskommune. Du kan velje kategoriar for varsling i nedtrekksmenyen. Varsling blir sendt deg via e-post.

I varslinga finn du lenkje direkte til annonsen, noko som gjer det enkelt å søkje på ledig stilling. Du kan endre jobbagenten din ved å leggje til eller fjerne ønskje frå nedtrekksfeltet.

Klikk ”Kjør agent no” når du har valt kategoriar.

Ver obs på "førerett"
Ver merksam på at nokre få stillingar eller delar av stillingar kan gå til alt tilsette personar med førerett i Møre og Romsdal fylkeskommune. I slike høve vil vi straks fjerne utlysingsteksten frå nettsida vår.

Tilbake til Ledige stillingar

Personalseksjonen

Kontaktpersonar

Berit Dahl Berit Dahl
Konsulent
71 28 01 77
Send e-post

Facebook

Facebook

Lik oss på Facebook og du vil få oppdateringar om nye ledige stillingar