Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Fylkesrevisjonen > Rapport om energiarbeid i fylkeskommunen

Dokument

Rapport Kraftforsyningssituasjonen
PDF-dokument - 562,13 kB

Rapport om energiarbeid i fylkeskommunen

Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt liten innverknad på kraftforsyningssituasjonen i fylket.

Fylkeskommunen som forvaltningsnivå har ikkje ansvar for kraftforsyninga i fylket, som avgrensar verkemidla fylkeskommunen kan nytte i å påverke situasjonen.  Fylkeskommunens innsats vil vere å påverke dei ulike aktørane, både det politiske nivået og styresmaktene samt dei viktigaste beslutningstakarane elles, skaffe fram datagrunnlag og analyser, gjere utgreiingar, sette i verk prosjekt og støtte opp om forsøk og etableringar som kan avhjelpe situasjonen.

Dette kjem fram i ein rapport som kontrollutvalet i fylkeskommunen skal behandle i møte den 28. sept. d.å., og som på oppdrag frå fylkesrevisjonen er laga av revisjonsfirmaet KPMG.  Rapporten viser at fylkeskommunen har hatt eit omfattande engasjement på alle desse områda.  Men kraftunderskotet er framleis eit like stort problem for fylket som det var i 2006 då Energiregion Møre vart etablert.  Det er først når kraftlina Fardal – Ørskog står ferdig at situasjonen blir normalisert, etter planen i 2015.

Energiregion Møre er meint å vere eit koordinerande organ i fylkeskommunen i satsinga på auka industriell utnytting av gass, å sikre forsyninga av elektrisk energi og å arbeide for auka bruk av fornybare energikjelder samt å utvikle meir miljøvenleg energiproduksjon.   Gass-satsinga er ikkje evaluert i rapporten.

Innsatsen for etablering av alternative energikjelder har berre i mindre grad påverka kraftforsynings-situasjonen, og har vore konsentrert om nokre prosjekt innan vindkraft og biovarmeproduksjon.  Lønsemda i prosjekta samt umogen teknologi og manglande kunnskap om alternative energikjelder har vore hemmande for utviklinga på området.  Denne målsettinga blir såleis vurdert som berre delvis nådd.

Fylkeskommunen har ikkje makta å ta ei leiarrolle i utviklinga av miljøvenleg energi, og heller ikkje å bli eit pilotfylke for miljøvenleg energiproduksjon, så langt.  Måla blir anten sett på som for ambisiøse, eller uklare og urealistiske.  Derimot har fylkeskommunen lukkast betre i målsettinga om å etablere sentra for berekraftig utvikling, ved at det er oppretta tre kompetansesentra for fornybar energi i fylket, der vindsenteret på Smøla har status som nasjonalt senter.

Rapporten anbefaler at Energiregion Møre i det vidare legg arbeid i å forbetre styringsgrunnlaget for verksemda si, med m.a. meir evaluerbare og realistiske mål, og gjennomføre ei vurdering av risikoen for manglande måloppnåing og ev. tiltak for å oppnå dette.

Høyringsfråsegna til rapporten frå dagleg leiar i Energiregion Møre presiserer nokre viktige avgrensande faktorar som verksemda må leve med, og som påverkar måloppnåinga.  Dagleg leiar meiner i lys av dette at Energiregion Møre sitt arbeid har betre måloppnåing enn det som kjem fram i rapporten.

Kontaktpersonar:
* Dagleg leiar i Energiregion Møre, Joralf Flataukan, tlf. a.71 25 81 70, mob. 90 56 49 01
* Leiar i kontrollutvalet, Håvard J. Kongshaug, mob. 95 12 82 65
* Kontrollsjef Hans Blø, tlf. a. 71 25 86 19, mob. 41 12 68 04

Rapporten:

Rapporten blir handsama på neste møtet i kontrollutvalet 28. sept. Møtet blir halde på fylkesrevisjonen sitt møterom, 3. etg. i Julsundvn. 7 i Fylkeshus-kvartalet og startar kl. 10.30.

 Innkallinga finn du her.