Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Info > Pressemeldingar > 850.000 til Runde Miljøsenter

850.000 til Runde Miljøsenter

Nærings- og miljøutvalet i fylket løyver 850.000 kr. til Runde miljøsenter til vidareutvikling av forskingsavdelinga. 

Runde miljøsenter får 850.000 kroner til vidareutvikling av forskingsavdelinga (bilde frå nettsida til miljøsenteret)

Runde miljøsenter får 850.000 kroner til vidareutvikling av forskingsavdelinga. 
(bilde frå nettsida til miljøsenteret)

Regional- og næringssjef Bergljot Landstad viser til at Runde miljøsenter treng økonomisk støtte til å skaffe seg forskingsløyvingar og å etablere eit nødvendig nettverk både nasjonalt og internasjonalt, slik at senteret etablerer seg som regionalt miljøsenter med tilhøyrande forskingsaktivitet.
 

Havmiljø og klima
 Miljøsenteret har som mål å bli eit kompetansesenter for havmiljø og klima. Særleg vil senteret satse på kompetanse på innan miljøundersøkingar. Ti personar har senteret som arbeidsplass og av desse er åtte knytt til forsking og formidling.

Ringverknader
 Runde Miljøsenter søkte fylket om støtte til vidareutvikling av forskingsavdelinga. I saksutgreiinga blir det peika på at oppbygging og forankring av eit forskingsmiljø på Søre Sunnmøre vil ha mange ringverknader. Særleg vil det vere til stor nytte for regionen at det blir etablert ei plattform for kunnskapsbasert næringsutvikling. Kunnskap om lokale og regionale marine ressursar og miljø vil bli betydelig auka og forskingsaktivitet og miljøkunnskap vil gi næringsliv, skuleverk og befolkninga elles impulsar for utvikling av regionen.

- Satsinga ved Runde Miljøsenter vil ikkje konkurrere med, men utfylle anna marin retta forskinga som skjer i fylket, gjennom Møreforsking og Nofima Marin, understrekar regional- og næringssjef Landstad. 

Glede
Ved Runde Miljøsenter var det stor glede då meldinga kom om vedtaket i nærings- og miljøutvalet i fylket. På nettsidene til Miljøsenteret heiter det:
"Med løyvinga frå fylket, og like mykje frå miljøsenteret sjølv, får forskingsavdelinga eit løft og kan utvikle seg vidare. Med desse inntektene er grunnlaget lagt for å gi fleire forskarar ein trygg arbeidsplass ved senteret. Dette er godt nytt også for næringsliv, skuleverk og folk flest i regionen: Runde Miljøsenter har tenkt å auke, og formidle, kunnskapane om marine ressursar, fugl og miljø."

Roger-og-Svetlana

BILDET: Glade forskarar ved Runde Miljøsenter, Roger Kvalsund og Svetlana Tjervåg. Foto: May Britt Haukås/Runde Miljøsenter

Kontaktpersonar

Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 25 81 71 /
Mob. 900 89 213
Send e-post
Frank Madsøy
Ass. Regional- og næringssjef
71 25 81 91 /
Mob. 971 71 493
Send e-post