- Ein siger for heile Møre og Romsdal
- Dette er ein siger for Aalesunds Fotballklubb, ein siger for Sunnmøre og ein siger for heile Møre og Romsdal, seier fylkesordfører Jon Aasen.
Til og med Romsdalsalpane bak fylkesordførar Jon Aasen var farga i oransje og blått dagen etter at AaFK vann cupfinalen. Foto: Per Vidar K. Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.
Han opplevde sjølv folkefesten i Oslo sist helg då AaFK tok heim sitt andre norgesmesterskap på tre år. Med AaFK sin triumf over Brann, har fotballfylket Møre og Romsdal nådd ein topp det skal bli vanskeleg å overgå.
- Då MFK vann serien sa eg at tyngdepunktet i norsk fotball ligg her i Møre og Romsdal. I dag trur eg ikkje det finst nokon som er ueinig, strålar fylkesordføraren.
Oppdatert: 07.11.11