“Helsesjekk” på vatnet i fylket
Korleis står det til med kvaliteten på vatnet i regionen vår? Miljøverndirektør Lindis Nerbø kjem for å presentere resultata for Vassregionutvalet torsdag 21. juni. Møtet er ope for alle.
Det er Vassregionmyndigheita som kallar Vassregionutvalet inn til møte torsdag 21. juni på Quality Hotel Alexandra i Molde. Dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål for Møre og Romsdal vassregion skal godkjennast og sendast ut på høyring.
Vegkart for eit betre vassmiljø
Vatn er viktig for alle, om det er drikkevatn, badeplassar eller lakseelvar og for næringsutviklinga. Møre og Romsdal har no fått ein “helsesjekk” på alt vatn gjennom at Fylkesmannen i Møre og Romsdal har kartlagt og vurdert miljøtilstanden i ferskvatn, grunnvatn og kystvatn. Dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål som no skal ut på høyring, er ein del av denne helsesjekken, og miljøverndirektør Lindis Nerbø vil presentere resultata.
Ønskjer tilbakemelding
På vegen mot eit betre vassmiljø ønskjer Vassregionmyndigheita ei midtvegshøring. Er vi på rett veg?
-Om vatnet vårt ikkje er i den tilstand vi ønskjer, så må vi sette inn tiltak. Vi ønskjer no tilbakemelding på om det er spørsmål, utfordringar eller forhold i denne “helsesjekken” som ikkje er godt nok belyst eller er feil skildra. Vi ønskjer også tilbakemelding på om det fins data, kunnskap eller observasjonar som kan supplere og styrkje kunnskapsgrunnlaget vårt, seier Tormod Meisingset, rådgivar naturforvaltning i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Sjå heile dokumentet:
Vesentlege vassforvaltningsspørsmål for Møre og Romsdal vassregion.
Oppdatert: 19.06.12
