Kampen om dei kloke hovuda
Programmet til Mørekonferansen 2011 er no klart. Både Ole Gunnar Solskjær og Hans Henrik Scheel (SSB) kjem. Og sjølvsagt blir det satt av god tid til det årlege konjunkturbarometeret TEMP.
Det er Sparebanken Møre, Innovasjon Norge og Møre og Romsdal fylkeskommune som igjen har gleda av å presentere programmet til Mørekonferansen, 23. november. Konferansen, som i år finn stad på Rica Seilet Hotel i Molde, er ein svært viktig møteplass mellom næringsliv og offentlege aktørar. Tema i år er kompetansearbeidsplassar og kampen om dei kloke hovuda. Vi har mellom anna fått ei dreiing frå ressursbasert til kompetanseintensive arbeidsplassar, og den største veksten skjer no i offentleg og privat tenesteyting. Vi ser nærare på desse omstillingane og korleis dei slår ut i vår region.
TEMP
Grunnlaget for å forstå utviklinga ligg både i nasjonale og regionale tal. Hans Henrik Scheel er administrerande direktør i Statistisk Sentralbyrå. Han vil gi snakke om utviklinga i norsk økonomi.
Konjunkturbarometeret TEMP tar temperaturen på økonomien og utviklingstrekk i dei ulike næringane i fylket. Både Arild Hervik, professor ved Høgskolen i Molde, Inge Furre, sjeføkonom i Sparebanken Møre og Roar Tobro, direktør i Møreforsking AS og vil komme og gi sine vurderingar. Tobro sat i eit utval oppnemnt av Kommunal og regionaldepartementet, for å fremme konkrete forslag til tiltak for å sikre at kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar blir spreidd utover heile landet og tiltak for å sikre rekruttering til distrikta. Han vil snakke om dette arbeidet og om anbefalingane i NOU, Norges offentlege utredningar.
iKvinner og iKuben
Korleis skaffe seg dei kloke hovuda i praksis? iKvinner er eit prosjekt i iKuben-bedriftene, som har som mål å profilere seg mot kvinner i alderen 25-35 år, for å få desse til å søke jobb og flytte til vår region.
I tillegg kjem Harald Jachwitz Andersen, direktør I Virke (tidlegere HSH) for å snake om entreprenørskap I tenestenæringane, og sist, men ikkje minst; Ole Gunnar Solskjær – say no more!
Vi er også stolte av å kunne presentere Frode Alnæs som konferansier for dagen.
Programmet kan lastast ned her:
Påmelding: www.mrfylke.no/morekonferansen
Ingen deltakaravgift
For meir informasjon, kontakt:
Roar Neergaard, Møre og Romsdal fylkeskommune, 71 25 80 34 / 472 63 068
Jan Børre Rydningen, Innovasjon Norge, 70 11 64 55 / 90 13 69 95
Turid Sand, Sparebanken Møre, 906 21 667
Oppdatert: 20.10.11
