Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Info > Pressemeldingar > Opprettar Kontaktforum for skoleskyss

Opprettar Kontaktforum for skoleskyss

Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune etablerer kontaktforum for skoleskyss samt kontaktpunkt for elevar for å få ei best mogleg skoleskyss-ordning.

Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune etablerer kontaktforum for skoleskyss samt kontaktpunkt for elevar for å få ei best mogleg skoleskyss-ordning.

Måndag 13. desember møtest kontaktforumet for skoleskyss.  I dette forumet møter representantar frå skolane i alle regionane i fylket, i tillegg til representantar frå samferdselsavdelinga og utdanningsavdelinga.

-  Det var på eit rektormøte tidlegare i år det blei vedteke å etablere eit ”kontaktforum for skoleskyss”. Forumet skal arbeide for å betre samhandlinga, slik at vi kan få ein best mogleg skoleskyss. Vi har sett fram til eit slikt møte i heile haust , og er glade for at første møtet no kjem i stand, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.

Innspel frå elevar
Samferdselsavdelinga ønskjer også å lytte til elevar som meiner skoleskyssen er for dårleg. Avdelinga vil ha eiga e-postadresse for skoleelevar (minskoleskyss@mrfylke.no). Det skal vere enkelt for elevane å kontakte samferdselsavdelinga med sine innspel.

- I tillegg blir det no arbeidd med ein revisjon av skyssreglementet i fylket. Reglementet set rammene for standarden på skoleskyssen og skal opp til politisk handsaming, fortel Fuglseth.

Finansiering
Under siste fylkesting var det også fokus på finansieringa av skoleskysstilbodet.Tilbodet blir gitt innanfor ramma av Opplæringslova, som krev at ein må ta økonomiske omsyn i organiseringa av skoleskyssen. Dette inneber mellom anna at ein diverre ikkje kan skreddarsy tilbodet for alle. I Møre og Romsdal er skoleskyssen ein integrert del av ordinær rutegåande transport, noko som gjer at ein òg må ta omsyn til andre bussreisande.

Samferdselssjef Arild Fuglseth viser også til fleire kostnadsdrivande utviklingstrekk dei siste åra, som ikkje er fanga opp i dei økonomiske rammene for ei utvida skyssordning:

- Nedlegging av skolar - spesielt i grunnskolen - gir meir trafikk, fritt skoleval i vidaregåande skole genererer fleire og lengre reiser og fleire spesialtransportar med drosje, sidan alle har lik rett til utdanning.

For meir informasjon:

Samferdselssjef Arild Fuglseth
dir. 71 25 87 46 - mobil 91 53 00 85
arild.fuglseth@mrfylke.no

Rådgjevar Jorunn Sølvberg
Dir. 71 25 86 70
jorunn.solvberg@mrfylke.no

Seksjonsleiar Dag Hole
Dir. 71 25 87 41 – mobil 90 10 91 01
dag.hole@mrfylke.no