Ungdomens fylkesting 2011
Neste helg vil over 100 engasjerte ungdomar frå heile fylke samle seg til Ungdomens fylkesting (UFT) i Ålesund. Ungdomens fylkesting er eit årleg arrangement der to representantar frå kvar kommune er med og set dagsorden for viktige politiske saker som opptek ungdom i Møre og Romsdal.
-Formålet med UFT er å gje ungdom ein arena der dei er med å sette dagsorden for viktige saker som opptek dei. På Ungdomens fylkesting skal og ungdomane velje representantar til eit arbeidsutval, Ungdomspanelet, som skal arbeide aktivt med saker som UFT vedtek i eit eige handlingsprogram, fortel koordinator for Ungdomens fylkesting, Anne Berit Svenkerud Halle.
Ho fortel vidare at gjennom UFT og Ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal mellom 13 og 23 år få reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdommens samfunnsengasjement. UFT og Ungdomspanelet skal stimule til politisk engasjement, samt gi ungdom opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.
Oppdatert: 05.11.11
