Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vinnaroppskrifta

-Vi har funnet oppskrifta på ein god arena for næringslivet. Det seier fylkesvaraordførar Svein Atle Roseth i Møre og Romsdal.  Under årets fiskerimesse, Nor-Fishing 2010, har Møre og Romsdal hatt ein fellestand for både  offentlige og private aktørar.

Markus Nygård, Kjartan Andre Nygård og Gunnar Kvalsund på fellesmessa til fiskerifylket Møre og Romsdal.

-Fylkeskommunen skal være ein god tilrettelegger for regionens næringsliv, seier Roseth og meiner fellesstanden  er eit godt bidrag til det.

Under fiskerimessa i Trondheim har 25 aktørar vært samla under banneret ”Fiskerifylket Møre og Romsdal”.  Tiltaket er finansiert som et spleiselag mellom private og offentlige aktørar, med midlar frå fylkeskommunen i botn.

I tillegg til fylkeskommunen har fem kommunar, representantar frå forsking og næringsutvikling og ein rekke ulike bedrifter frå fiskerinæringen fått plass på standen.  Deltakarane har ein unik muligheit til å vise fram sine produkt og tenester for det nasjonale og internasjonale markedet.

Roar Solbakken, fiskerirådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, seier at målet med fellesstanden var å skape ein god møteplass, bygge internt og eksterne nettverk og legge til rette for nye samarbeidsrelasjonar.

- Eg opplever at aktørane er fornøyde med standen.  Allereie nå snakkar fleire om at det kan være behov for ein enda større stand om to år, seier Solbakken.

At fylkets fellesstand er tilpasset næringslivets behov er Gunnar Kvalsund frå Midsund Vekst  einig i.

-Eg har deltatt på fylkets fellestand to gangar tidligare og erfarer at dette er ein arena for å bygge nettverk. Messa er ein viktig møteplass, seier Kvalsund og peiker særleg på verdien messa  har for unge gründerar. Som brødrane Markus og Kjartan Andre Nygård, 16 og 18 år gamle. Dei er i gang med å bygge sin egen 36 fot store sjark og kom til Nor-Fishing direkte frå Skottland  kor skroget byggast. På messa har de henta tilbod på utstyr, knytte kontaktar med blant anna SINTEF og Innovasjon Norge.  Begge brødrane er elevar på linje for Fiske og fangst på Ålesund videregående skole, og er allereie erfarne fiskarar. Nå manglar de bare ein egen sjark – et mål som blir oppfylt i løpet av året som kommer.

For ytterligare informasjon kontakt:

Fiskerirådgivar Roar Solbakken, Møre og Romsdal fylkeskommune, telefon 400 47410