Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kronikkar

Kronikkar

Her finn du kronikkar skrivne av tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune, samt det tidlegare einskapsfylket.


Møre og Romsdal fylkeskommune tar miljø på alvor

Møre og Romsdal fylkeskommune har nyleg lagt ut konkurransen om drifta av dei to største fylkeskommunale ferjesambanda; Hareid-Sulesund og Sykkylven-Magerholm. Ferjesambanda er blant dei mest trafikkerte sambanda i nasjonal samanheng.

Les meir

Ungdomspanelet oppfordrar fleire bedrifter til å ta inn lærlingar

Kvart år søker rundt 1100 elevar om lærlingplass i Møre og Romsdal, omlag 200 får ikkje plass. No ønsker ungdomspanelet å vere med på å sette fokus på problematikken, og er glade for at fylkeskommunen har satt i gang ein lærebedriftaksjon.

Les meir

Har du bestemt deg?

Er valet av vidare utdanning allereie er gjort?  Eller slit du framleis med ein stadig fram- og tilbakeforhandling med deg sjølv – seier hjarte noko anna enn hovudet? Datoen 1. mars kjem stadig nærmare, då skal kanskje du saman med fleire tusen andre ungdomar, gjere eit viktig utdanningsval.  

Les meir

7 av 10 innbyggarar i fylket har under 50 meter til naboen

Vi blir stadig meir urbane, og fleirtalet av oss har kort veg til nærmaste nabo. Tal frå SSB viser at ved inngangen til 2015  budde litt over 70 prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal i tettbygde strøk. 

Les meir

Perfekt timing for ny forskings- og innovasjonsstrategi

For å gjere oss mindre avhengige av skiftande råvareprisar må vi få fleire bein å stå på. Skal vi framleis leve av dei same næringane, må vi auke vidareforedlinga. Korleis skal vi lykkast med det? Forsking er ein viktig faktor når vi skal skape nye produkt. Det tek vi på alvor og formar ein ny forskings- og innovasjonsstrategi for Møre og Romsdal.

Les meir

Fire sysselsette i resten av landet for kvar sysselsett i reiarlag i Herøy

Arbeidsmarknaden er sentral for å skape sterke regionar. Ein påliteleg statistikk som omhandlar sysselsetting er difor av interesse lokalt og regionalt. Korleis ein registrerer sjøfolk i sysselsettingsstatistikken har skapt diskusjon. Statistikken lyg ikkje, men fortel den heile sanninga? Vår kartlegging viser at måten offentleg statistikk vert presentert på ikkje får fram heile sanninga om vekst og verdiskaping på kysten.

Les meir

Barna si vaktbikkje i kommunale plansaker må bli styrka

Det er eit krav i plan- og bygningslova at kommunestyret sørger for å etablere ei særskilt ordning for å ta i vare barn og unges interesser i planlegginga. Dette er i dei fleste kommunane løyst med å utnemne ein barnerepresentant. Men korleis fungerer denne ordninga – kva føresetnader er dei gitt for å kunne inneha denne ombodsrolla? Ei kartlegging som fylkeskommunen har gjennomført viser nedslåande resultat.

Les meir

Leik i sentrum er avgjerande for byens utvikling!

Vi har alt å vinne på å leggje til rette for leik i sentrum av byane våre. Leik er ein føresetnad for at bymiljøet skal opplevast som levande, aktivt og sosialt. Ungar og leik skapar byliv og bidreg til at byen blir brukt. Gløymer vi leiken har sentrum tapt.

Les meir

Då damene drog – kampen om kompetansen.

I TV2-serien «Da damene dro» reiste alle damene i ei norsk bygd bort i 10 dagar og karane måtte klare seg aleine heime. I Møre og Romsdal er ikkje verkelegheita like fortetta, men kanskje meir dramatisk. Som eg skal vise i denne kronikken dreg ein del damer frå regionen, og dei kjem dessverre ikkje heim etter 10 dagar. Konsekvensen er tap av kompetanse.

Les meir

Kva kan kommunane gjere for miljøutfordringane?

Biene forsvinn med katastrofale konsekvensar, høyrer vi i media. Men biene er ikkje dei einaste som slit. Redusert naturmangfald er saman med klimaendringar den største globale miljøutfordringa vi har. Kva kan kommunane gjere med det?

Les meir

Kontaktpersonar

Inger Johanne Moene Inger Johanne Moene
Informasjonssjef
71 28 01 82 /
Mob. 472 84 003
Send e-post

Snarvegar