Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Informasjonsseksjonen > Presse > Kronikkar > Møre og Romsdal på nest siste plass

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 28 04 47 /
Mob. 900 80 387
Send e-post

Møre og Romsdal på nest siste plass

Møre og Romsdal sakkar stadig etter andre fylke i talet på statlege arbeidsplassar. I Oslo har talet på statelege arbeidsplassar auka med over 11 000 sidan 2008. På same tid har vi i Møre og Romsdal så vidt passert 10 000. Berre for å kome opp på gjennomsnittet til dei andre fylka, treng vi over 4 100 fleire statlege arbeidsplassar. 

Ved utgangen av 2015 var det registrert nærare 2,6 millionar sysselsette i Norge. Av desse var 11,4 prosent sysselsette i staten. Møre og Romsdal hadde 128 000 sysselsette, og 8,2 prosent av desse hadde staten som arbeidsgivar.

Nest siste plass

No høyres det kanskje ikkje gale ut at vi ligg 3,2 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet. Men dette svarar til over 4 100 arbeidsplassar. Dette er like mykje som alle sysselsette, både privat og offentleg,  i Ørsta kommune, eller i Fræna og Eide samla.

Når eg diskuterer dette temaet med «makta i Oslo», er svaret at dette har si forklaring i høg sysselsetting i privat sektor i Møre og Romsdal. Dette er berre delvis rett. Måler vi statlege arbeidsplassar mot folketal, avanserer vi rett nok nokre få plassar på rangeringa av fylke, men ligg framleis på nedste halvdel, langt under landsgjennomsnittet. 

Statlege arbeidsplassar som del av sysselsetting 31.12.15_ stolpediagram

Veksten kjem der staten finst frå før

Sidan 2008 har talet på tilsette i staten auka med litt over 40 000, eller nesten 16 prosent. Meir enn kvar fjerde av dei nye arbeidsplassane er plassert i Oslo, medan berre tre prosent har kome i Møre og Romsdal. Seks av dei sju fylka som allereie låg over landsgjennomsnittet, har i denne perioden hatt ein større auke i statlege arbeidsplassar enn Møre og Romsdal. Dette gjeld uansett om vi reknar ut i frå sysselsetting eller folketal. Hadde vi i denne perioden hatt same prosentvise auken i statlege arbeidsplassar som Oslo, skulle vi hatt 1 500 fleire arbeidsplassar, i tillegg til dei 1 315 vi fekk.

Størst auke i prosent finn vi Sør-Trøndelag, Oslo, Akershus, Oppland og Troms. Dette er fylke med arbeidsløyse under landsgjennomsnittet, og langt under Møre og Romsdal. Det aller meste av veksten i statleg sysselsetting skyldas vekst i eksisterande statlege verksemder. Det er dette vi kan kalle «kvardagsbeslutningar», som består av ein ekstra tilsett her og ein anna der. Veksten kjem altså der staten fins frå før.

«Levende lokalsamfunn i hele landet»

Under denne overskrifta presenterte regjeringa for ei tid tilbake måla for arbeidet med statlege lokaliseringspolitikk. Her annonserte dei 630 statlege arbeidsplassar som allereie var bestemt plassert utanfor Oslo, og kriteria for ytterligare utflyttingar i 2017.

Måla for dette arbeidet var lista opp i fire kulepunkt:

  • God regional balanse i fordeling av statlege arbeidsplassar
  • Styrke arbeidsmarknaden i heile landet
  • Legge til rette for regional kompetansemiljø og arbeidsmarknader
  • Skape nye moglegheiter for folk og lokalsamfunn.

God regional balanse passar verken for status eller utvikling, når vi ser på Møre og Romsdal i forhold til resten av landet.  Den svake  utviklinga på arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal talar for at nettopp statelege arbeidsplassar, vil styrke arbeidsmarknaden og skape «nye moglegheiter for folk og lokalsamfunn». Statlege arbeidsplassar gir også større bredde i arbeidsmarknaden, og gjer dermed heile regionen meir attraktiv.

Vi treng regional balanse

Skal vi i Møre og Romsdal få «vår del» av dei statlege arbeidsplassane, kan vi ikkje slå oss til ro med dei 70(?) arbeidsplassane Kristiansund får tilført gjennom Politiets lønnssentral. Det held nok ikkje å berre satse på utflyttinga frå Oslo som er annonsert heller, vi må være like merksame på strukturendringar innafor eksisterande statleg verksemd. Etablering av eit permanent høgskuletilbod slik det vert arbeidd med i prosjektet «Campus Kristiansund», er eksempel på eit strukturtiltak innafor ein statleg sektor som har hatt stor vekst dei seinare åra.

Kanskje er det noko ambisiøst å nå opp til nabofylket i nord, Sør-Trøndelag, der statlege arbeidsplassar utgjer 15,4 prosent av alle sysselsette. Likevel er det ingen grunn til at vi skal ligge langt lågare enn naboen i sør, Sogn og Fjordane, der staten er arbeidsgjevar for 9,3 prosent av arbeidstakarane. No meiner eg sjølvsagt ikkje at Sogn og Fjordane har for mange statlege arbeidsplassar, tvert om. Men årsaka til at vi ligg enno lågare, kan i alle fall ikkje forklarast med at kompetansemiljøa våre eller arbeidsmarknadane er svakare, når det gjeld å rekruttere til statlege arbeidsplassar.  For å nå Sogn og Fjordane sit nivå snakkar vi om over 1 400 arbeidsplassar, eller meir enn 20 gonger det regjeringa har lova til Kristiansund.

Møre og Romsdal bør vere førstekandidat

Statlege arbeidsplassar er ikkje heile løysinga på dei utfordringane vi har i arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal. Ein auke i slike arbeidsplassar kan likevel medverke til å:

  • Gje større breidde i arbeidsmarknaden og arbeidstilbod til andre enn dei som finn spanande arbeidsplassar her i fylket i dag.
  • Dempe verknadane av nedgangen i privat sektor.
  • Styrke og vidareutvikle eksisterande næringsklynger og kompetansemiljø.
  • Utjamne ulikskap i statlege arbeidsplassar mellom fylka og internt i fylket.

Dersom regjeringa meiner alvor med den statlege lokaliseringspolitikken sin,  burde Møre og Romsdal ha vore ein klar førstekandidat både ved relokalisering, strukturendringar og etablering av nye statlege arbeidsplassar. Få fylke oppfyller måla regjeringa har sett for denne politikken, i like stor grad som Møre og Romsdal. 

Bilde av stolepediagram som viser prosentvis auke statlege arbeidsplassar 2008-2015