Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Innkjøp

Innkjøpsseksjonen

Møre og Romsdal fylkeskommune gjer anskaffingar knytta til vare- og tenestekjøp til ein verdi på omlag 750 millionar kroner årleg. Anskaffingar i det offentlege er regulert av ”Lov og forskrifter om offentlige anskaffelser”.

Profesjonelle innkjøp – betre tenester!

Innkjøpsseksjonen har det overordna ansvaret for at fylkeskommunen gjennomfører sine anskaffingar i samsvar med regelverket.
Seksjonen driv rådgiving for heile fylkeskommunen, både for sentraladministrasjon og fylkeskommunale verksemder og yt bistand i samband med gjennomføring av anbods- og tilbodskonkurransar, inngåing av rammeavtalar og større eingongskjøp.
 
 Vidare skal seksjonen bidra til at fylkeskommunen har ei bevist haldning og god kjennskap til regelverket om offentlige anskaffingar og at regelverket vert etterlevd. Dei rammeavtalane som blir inngått skal omfatte varer og tenester som dekker brukaranes behov, har gode pris og leveringsvilkår, og skal ta omsyn til universell utforming og miljø.
 
 Tildeling av kontrakt skal baserast på konkurranse der leverandørane vert behandla likt og prosessen er gjennomsiktig og etterprøvbar.

Contacts

Arnt Ove Hol Arnt Ove Hol
Innkjøpssjef
71 25 89 20
Send e-mail
Torgeir Riksfjord Torgeir Riksfjord
Rådgiver
71 25 89 32 /
Mob. 901 09 542
Send e-mail
Jorid Nerland Jorid Nerland
Rådgivar
71 25 88 60 /
Mob. 918 37 964
Send e-mail