Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Innkjøp > Informasjon til leverandørar

Informasjon til leverandørar

Korleis bli leverandør til Møre og Romsdal fylkeskommune?

Møre og Romsdal fylkeskommune vil vere ein krevjande kunde for våre leverandørar, men legg vekt på god forretningsskikk og likebehandling i alle våre anskaffingar. Ønskjer ein å bli leverandør til Møre og Romsdal fylkeskommune er det viktig at ein kjenner til regelverket og spelereglane som gjeld ved leveranse til det offentlege. I samsvar med Lov om offentlige anskaffelser (LoA) skal alle innkjøp som fylket gjer vere basert på konkurranse.

Leverandørar som ønskjer å delta i konkurransen må gjere dette ved å levere tilbod. Tilbodet må vere utforma i samsvar med den oppbygging som følgjer av konkurransegrunnlaget og all dokumentasjon som vert etterspurt  leggast ved. Det er viktig at tilbodet er grundig utarbeida og inneheld svar og dokumentasjon på alt som vert etterspurt.

Tilbod som ikkje er levert i samsvar med krava i konkurransegrunnlaget og etter bestemmingane i anskaffingsregelverket, kan medføre avvisning. Regleverket inneheld også krav til vedlagt dokumentasjon og diverse formkrav som skal føre til avvisning.

Grunnen til dette er at tilboda skal kunne samanliknast mot kvarandre slik at val av best tilbod kan gjerast på ein forutsigbar måte og regelverkets krav til likebehandling av leverandørane.

Det er ulike konkurranseformer for offentlege innkjøp:

  • Open anbodskonkurranse
  • Begrensa anbodskonkurranse
  • Kjøp etter forhandlingar
  • Direkte anskaffingar

››Her finn dykk tre filmklipp knytt til offentlege anskaffingar, som er laga av Abelia, NHOs foreining for kunnskaps- og teknologibedrifter.

Statsbygg har utarbeidd eKurset “Et godt tilbod?”, som du finn ››her.

Les meir om leverandørutvikling hos Knutepunkt Møre og Romsdal ››klikk her.

Contacts

Arnt Ove Hol Arnt Ove Hol
Innkjøpssjef
71 25 89 20
Send e-mail
Torgeir Riksfjord Torgeir Riksfjord
Rådgiver
71 25 89 32 /
Mob. 901 09 542
Send e-mail
Jorid Nerland Jorid Nerland
Rådgivar
71 25 88 60 /
Mob. 918 37 964
Send e-mail

KOFA

Dersom ein leverandør meiner det er gjort feil i ein offentleg anskaffingsprosess, kan han klage til Klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA). KOFA er oppretta av Stortinget som ei uavhengig klagenemnd for å gje leverandørar ei raskare og rimelegare klagemoglegheit på eit lågare konfliktnivå enn domstolane.