Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Organisasjon > Innkjøp > Konkurransar & Kunngjeringar

Konkurransar & Kunngjeringar

I DOFFIN, som er ei forkorting for Database for offentlige innkjøp, kan ein til ei kvar tid sjå kva for anbodskonkurransar som Møre og Romsdal fylkeskommune har kunngjort.

Doffin er ei teneste for å hjelpe oppdragssøkarar og oppdragsgivarar. Som oppdragsgivar kan Møre og Romsdal fylkeskommune leggje ut informasjon om anskaffingar, og oppdragssøkarar kan ved å melde seg på konkurransen, få laste ned anbodsdokumenta.

Påmelding i Doffin må ikkje forvekslast med levert tilbod. Når ein leverandør melder sin interesse ved å registrere seg i Doffin, får han tilgang til dei anbodsdokumenta som er kunngjort. Alle korreksjonar og rettingar (til dømes svar på spørsmål frå leverandørar) vil oppdragsgivar legge ut på Doffin, slik at alle leverandørar som har meldt interesse og lasta ned anbodsdokument, får tilsendt korreksjonar og rettingar på e-post.

Under "Snarvegar" til høgre ligg lenke til Doffin og lenke til Møre og Romsdal fylkeskommunes sine kunngjeringar i Doffin ved å klikke på fanen "Nåværende anbud".

Kontaktpersonar

Arnt Ove Hol Arnt Ove Hol
Innkjøpssjef
71 25 89 20
Send e-post
Jorid Nerland (kurs) Send e-post
Torgeir Riksfjord Torgeir Riksfjord
Rådgiver
71 25 89 32 /
Mob. 901 09 542
Send e-post