Miljø og samfunnsansvar
Gjennom Lov om offentlege anskaffingar § 6 blir vi som offentleg innkjøpar pålagt å stille relevante miljøkrav ved alle innkjøp. Fylkesdirektøren har i tillegg bestemt at Møre og Romsdal fylkeskommune skal bli eit Grønt fylke og at sentraladministrasjonen, dei vidaregåande skulane og tannhelseklinikkane skal Miljøfyrtårn sertifiserast.
Dette skal gjere fylket vårt meir miljøeffektivt og sørgje for at miljøomsyn er ivareteke ved inngåing av rammeavtaler. Alle anskaffingar skal gjennomførast innanfor rammene til Møre og Romsdal fylkeskommune sine krav til helse, miljø og tryggleik.
GRØNT FYLKE skal vere ein integrert del av organisasjonen sitt styringssystem. Det betyr at miljøomsyn skal prege vår rolle som innkjøpar, produsent, byggherre og eigedomsforvaltar.
For å ivareta miljøkrava ved offentlige anskaffingar som er sett i ”Lov og forskrift om offentlige anskaffelser”, samt dei føringane som fylket har sett i sin miljøpolicy, har Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd ei innkjøpsprosedyre for å fylle miljøkrava på innkjøpsområdet.
Regjeringa la i juni 2007 fram handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege anskaffingar.
Overordna mål i handlingsplana:
- Anskaffelser i offentlig sektor bør skje med et minimum av miljøbelastning og med respekt for grunnleggende arbeiderrettigheter og menneskerettigheter.
- Miljø- og etiske/sosiale hensyn i offentlige anskaffelser skal være et redskap som bidrar til eneffektiv offentlig sektor og et konkurransedyktig næringsliv.
For å sette handlingsplana i verk vedtok regjeringa å utarbeide ei treårig handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlige sektor.
For å gjennomføre plana fikk fylkesmennene ansvar med å etablere ei styringsgruppe, vere pådrivar og samordnar i handlingsarbeidet.
I Møre og Romsdal har Fylkesmannen ved assisterande fylkesmann Kjeld Brecke ansvar for å leie styringsgruppa. Møre og Romsdal fylkeskommune, ved innkjøpsseksjonen, er utpeikt som knutepunkt. Knutepunktet vil ha ansvar for den daglege drifta av prosjektet.
Som eit ledd i dette arbeidet skal det etablerast ein faglig støtteteneste – eit knutepunkt – i kvart fylke.
Knutepunktet skal vere eit kompetansesenter for å bistå kommunane med å oppnå regjeringens mål for miljø- og samfunnsansvar i offentlige anskaffingar.
Sjølv om dei miljømessige aspekt har hovudfokus i prosjektet, vil knutepunktet også legge vekt på oppgavar knytta til leverandørutvikling og samfunnshensyn som etikk og universell utforming.
For utfyllande informasjon om Knutepunkt Møre og Romsdal, gå på lenka til høyre.