Verksemder omfatta av regelverket
Kva for verksemder som er omfatta av forskrifta følgjer av forskriftas § 1-2. Bakgrunnen for dette er at det offentlige ikkje i same grad som private er utsett for marknadskreftene når dei tek sine avgjersler. Forskrifta skal derfor sikre at det offentlige vel sine leverandørar på en måte som sikrar mest mulig effektiv ressursbruk, samtidig som leverandørane vert likebehandla.
Stat, fylkeskommune og kommunar
Reglane omfattar for det første alle etatar og organ i staten, fylkeskommunane og kommunane. Dette gjeld for eksempel skoler og bibliotek.
Offentlig rettslige organ
Forskrifta omfattar også offentlig rettslige organ. Dette er organ eller verksemder som er organisert som eigne rettssubjekt, for eksempel aksjeselskap eller stiftingar, og som står i et nær tilknyting til det offentlige.
For å omfattast av forskrifta må organet tene ålmentas behov og at det ikkje er av industriell eller forretningsmessig karakter. Organet må vidare være et sjølvstendig rettssubjekt og i hovudsak være kontrollert eller finansiert av andre offentlige myndigheiter eller offentlig rettslige organ.