La fram framlegg til økonomiplan og budsjett
Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik la i dag, tysdag, fram sitt framlegg for økonomiplan 2012-2015 med budsjett for 2012.
Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik har lagt fram sitt framlegg til økonomiplan for dei neste fire åra. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Framlegget var presentert under ein pressekonferanse på fylkeshuset klokka 10.
Også samferdselssjef Arild Fuglset og fylkesutdanningssjef Per Hoem presenterte utviklingstrekk for sine sektorar. Under kan du laste ned saksframlegget, kortversjonen og presentasjonane frå pressekonferansen.
No skal politikarane i fylkeskommunen gjere endelig vedtak om kva fylkeskommunen skal prioritere dei neste fire åra. Saka blir avgjort under tingsamlinga i desember.
Oppdatert: 08.11.11