Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Fylkesordførar > -Eit åtak på demokratiet vårt

-Eit åtak på demokratiet vårt

Det er med stor sorg og medkjensle vi mottar meldingane om det grusomme som har skjedd på Utøya og i Oslo. Terrorbombinga i Oslo og massakren på Utøya er eit frykteleg åtak mot Norge, der også Møre og Romsdal er direkte råka.

Våre tankar går til dei drepne, dei skadde og dei pårørande etter bomba i Oslo sentrum og drapa av born og unge på politisk leir. Vi ønskjer å bringe vidare all støtte frå oss som lever og bur i Møre og Romsdal. Vi oppmodar alle til å vise omsorg og omtanke med dei pårørte, og vise dei at vi er der og er medmenneske. Vi vil alle i fylket stå saman i denne sorga.

Ikkje minst går vår medkjensle til AUF og Arbeiderpartiet. Vi reagerer sterkt på at politisk aktivitet skal bli råka på ein slik måte.
Terroråtaket er eit anslag mot dei demokratiske verdiane vi har bygd nasjonen vår på. Svaret frå alle politiske parti, alle folkevalde og alle innbyggjarar må vere å vise eit enno større engasjement og eit enno hardare arbeid for byggje opp under dei demokratiske verdiane våre. Vi må vise at slike terroranslag berre vil gjere at vi sluttar sterkare opp om landet vårt og verdiane våre.

Lodve Solholm                                    Olav Bratland
Fylkesmann                                          Fylkesordførar

Kontaktpersonar

Olav Bratland Olav Bratland
Fylkesordførar
71 25 87 01
Send e-post