- Eit spørsmål om moral og ansvar
Fylkesordførar Jon Aasen har skrive brev til landbruksministeren om TINE sin moglege sentralisering av meieristrukturen i Møre og Romsdal.
Fylkesordfører Jon Aasen blir intervjua om situasjonen for meieriet på Høgset i Gjemnes kommune. Foto: Per Vidar Klee Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkesordførar Jon Aasen har i dag skrive følgjande brev til landbruksministeren:
Sentralisering i landbrukssamvirket
Landbrukssamvirke og den private næringsmiddelindustrien har gitt, og gir viktige arbeidsplassar i fleire delar av Møre og Romsdal. Det er derfor med stor uro vi no ser på den sentraliseringa som skjer i landbrukssamvirket.
For få år sidan hadde landbrukssamvirket slakterianlegg både i Molde og Ålesund. Først vart slakteriet i Molde lagt ned, deretter leid slakteriet i Ålesund same skjebne. Ein stor del av kjøttproduksjonen frå Møre og Romsdal blir no sendt til Trondheim for slakting. I dag har vi ingen samvirkeslakteri i fylket, trass i at landbruket i Møre og Romsdal står for 10% av mjølkeproduksjonen og produksjonen av mørkt kjøtt i landet. Det er derfor gledeleg at private foredlingsbedrifter som Ole Ringdal og Kløverkjøtt med fleire har tru på kjøttforedling med utgangspunkt i Møre og Romsdal, dei skaper viktige arbeidsplassar i fylket vårt.
I sommar fekk fylkeskommunen melding frå TINE om at Meieriet på Høgset i Gjemnes kommune vart vurdert nedlagt. Per i dag er det er ikkje fatta endeleg vedtak i saka, men avisa Romsdals Budstikke skriv 20. oktober at TINE flyttar produksjonen av lettmjølk frå Høgset til Trondheim. Lettmjølk utgjer nær ein tredel av produksjonen på Høgset, og nedlegging av denne vil vere dramatisk for eit anlegg som i utgangspunktet har ledig kapasitet. Ei slik utvikling vil på sikt vere ein like stor fare for meieriet i Ålesund. Signala frå Tine tyder på at dei ønskjer å legge ned anlegga både på Høgset og i Ålesund.
TINE anlegget på Høgset har i dag 36 tilsette, og er den største private arbeidsplassen i Gjemnes. Det seier seg sjølv at 36 arbeidsplassar er svært viktige for distriktskommunen Gjemnes. TINE har gjennom tidene hatt ein viktig distriktsprofil der fleire av meieria har vore lokalisert i produksjonsområda for mjølk. Vi håpar TINE også i framtida vil sjå verdien av distriktsarbeidsplasser og levande bygder. Dette er ikkje berre eit reint økonomisk spørsmål, men og eit spørsmål om moral og ansvar. Det vil vere uheldig om landbrukssamvirket skal vere dei som går føre i nedlegging av lønsame distriktsarbeidsplassar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er uroa over utviklinga. Vi vil be landbruksministeren svare på om foredlingsindustrien også er omfatta av landbruket si distriktsprofil, og korleis regjeringa vurderer distriktsarbeidsplassar i landbrukssamvirket.
Med helsing
Jon Aasen
fylkesordførar
Oppdatert: 25.10.11