Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Fylkesordførar > Fotballfylket Møre og Romsdal!

Fotballfylket Møre og Romsdal!

-    Eg stiller meg i rekka av gratulantar til Molde Fotballklubb. Det er heilt fantastisk at klubben vinn seriegullet det året dei har 100-årsjubileum. Klubben har hatt sportsleg framgang over lang tid, og det var flott at ein endeleg kunne krone innsatsen med topplassering i serien, seier fylkesordførar Jon Aasen.

Fylkesordførar Jon Aasen gratulerer MFK med seiregullet. Foto: Per Vidar Klee Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fylkesordførar Jon Aasen gratulerer MFK med seiregullet. Foto: Per Vidar Klee Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han meiner bragden til dei blåkledde er nok eit døme på at Møre og Romsdal har blitt eit av dei største fotballfylka i landet.
-    For to år sidan spelte MFK og AaFK cupfinale i Oslo. I går vann Molde seriegullet med ein trenar frå Kristiansund og til helga kan AaFK vinne Norgesmesterskapet på nytt. For tida ligg tyngdepunktet i norsk fotball her i Møre og Romsdal, seier Aasen stolt.

Torgeir Dahl feirer seriegullet til MFK

Også Torgeir Dahl feirer seriegullet til MFK med gulldrakt under eit møte i fylkesutvalet 31. oktober. Foto: Per Vidar Klee Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Høgopplaust bilete Aasen

Høgopplaust bilete Dahl

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 25 87 01 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Per Vidar Kjølmoen Per Vidar Kjølmoen
Informasjonssjef
71 25 87 17 /
Mob. 917 99 964
Send e-post