Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Fylkesordførar > Kondolanseprotokoll på fylkeshuset

Kondolanseprotokoll på fylkeshuset

Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal opprettar felles kondolanseprotokoll på Fylkeshuset for å minnast ofra og dei pårørande etter terroråtaket i Oslo og på Utøya.

Protokollen vert lagt fram i vestibylen på Fylkeshuset i Molde, etter at hendinga er blitt markert med eit minutts stillhet i dag, måndag, klokka 12.

Fylkesmann Lodve Solholm og fylkesordførar Olav Bratland vil vere til stades under markeringa. Protokollen vil stå tilgjengeleg i vestibylen på fylkeshuset, og er open for alle.

Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal oppmodar også alle kommunar i fylket til å gjere det same.

Kontaktpersonar

Olav Bratland Olav Bratland
Fylkesordførar
71 25 87 01
Send e-post