- Rokkar ikkje ved tidlegare fylkestingsvedtak
Ny utgreiing og nye anslag for Trollheimstunnelen rokkar ikkje ved tidlegare vedtak i fylkestinget eller kommunestyrevedtak i Surnadal og Sunndal. Lang tunnel er framleis det mest aktuelle alternativet for denne vegstrekninga, meiner fylkesordførar Olav Bratland.
I 2010 var det debatt i ulike media om at bru- og tunnelalternativet, som vart forkasta ved behandlinga av hovudplanen frå 1988, er betre enn det vedtekne “Børsetalternativet”. Derfor har vi funne det tenleg å gjere ei enkel oppdatering av bru- og tunnelalternativet.
Hovudformålet har vore å få vurdert og samanlikna alternativa ut frå dagens krav til vegstandard og dei kostnadene ein i dag kan rekne med at alternativa vil ha.
- Utgreiinga rokkar ikkje ved tidlegare fylkestingsvedtak. Lang tunnel er framleis det mest aktuelle alternativet, seier fylkesordførar Olav Bratland.
To notat frå Statens vegvesen ligg ved:
* oppsummering av den nye anslagsrapporten
* supplering av anslagsrapporten
Oppdatert: 28.03.11
