Gjøco AS overrekt prisen årets bedrift
Gjøco AS var overrekt prisen som årets bedrift 2011 då fylkestinget opna i Geiranger måndag. - Skal vi vere med i konkurransen, må vi levere kvalitetsprodukt, understreka dagleg leiar Rolf Tage Gjøen.
Gjøco AS var overrekt prisen som årets bedrift 2011 då fylkestinget opna i Geiranger måndag. Fleire generasjonar frå eigarane var til stades under overrekkinga.
- Gjøen fortalte at Gjøco har vore gjennom ei rivande utvikling sidan etableringa i 1940, og verksemda har i dag ein svært stor marknadsdel i Møre og Romsdal, 10% av den totale norske marknaden og også viktige marknadsdelar i Sverige.
Sanmrøystes
- Det skal ikkje vere lett å peike ut årets bedrift, for konkurransen skal vere hard, sa leiar i nærings- og miljøutvalet i fylket, Asbjørn Rutgerson i si innleiing. Han viste til at det likevel var eit samrøystes utval som i år peika ut Gjøco som den rette vinnaren:
- Gjøco er ei veldriven, framtidsretta og kvalitetsbevisst bedrift med ein klår miljøprofil, sa Rutgerson.
Oppdatert: 11.04.11