Vil ha fire sjukehus
Fylkestinget ønskjer at Møre og Romsdal fylke framleis skal ha fire sjukehus med akuttfunksjonar og fødeavdelingar.
Det vart klart då fylkestinget vedtok sin uttale i samband med 'Strategi 2020 - strategi for utvikling av tenestetilbodet i Helse Midt-Norge'. Under finn du ei oppsummering:
Vedtak:
Oppsummert vil Møre og Romsdal fylkesting gi følgjande uttale til dei vurderingar som er lagt som føring i Strategi 2020 og som Helse Midt-Norge ber om tilbakemelding på:
1. Møre og Romsdal fylkesting ser at infrastruktur, endringar i
behandlingsmetodar og sjukdomspanorama kan vere grunnar for vurdering
av nødvendig behandlingskapasitet i strategiperioden, men fylkestinget vil
åtvare mot sentralisering av dagens tilbod innan akuttkirurgisk beredskap og
fødetilbodet som i dag er å finne ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal.
Fylkestinget er og av den meining at ein må unngå sentralisering av
akuttilbodet til barn i størst mogleg grad.
2. Møre og Romsdal fylkesting ser vidare at tilgangen på nødvendig
kompetanse kan bli ein kritisk faktor innan spesialisthelsetenesta. I denne
samanheng er fylkestinget uroa over kva for følgjer ei ev. fjerning av
akuttkirurgisk beredskap, fødeavdeling og akuttilbodet til barn vil gi som
utslag, når det gjeld dei andre funksjonane i sjukehuset. Fylkestinget går imot fjerning av den akuttkirurgiske beredskapen og fødeavdelingar, fordi dette vil virke inn på rekrutteringa til sjukehuset og dermed kompetansen som sjukehuset kan tilby.
3. Møre og Romsdal fylkesting er einig i at prehospitale tenester og
ambulansetenesta blir evaluert i strategiperioden. Erfaringar frå siste dagars lamming av flytrafikken grunna vulkanutbrot, samt prognosar om auke i tilfelle av ekstremver, understrekar behovet for å oppretthalde ein desentralisert sjukehusstruktur med 4 sjukehus, alle med akuttfunksjonar og fullverdige fødeavdelingar.
4. Når det gjeld spørsmålet om kor vidt tenester retta mot dei store
sjukdomsgruppene skal desentraliserast med lokalsjukehusa som
hovudarena, og da med lokalsjukehusa som bindeledd mellom
spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta, er Møre og Romsdal
fylkesting samd i dette.
5. Møre og Romsdal fylkesting er einig i at lokalsjukehusa skal ha minimum
døgnberedskap for indremedisin. Fylkestinget vil i denne samanheng gi
uttrykk for at døgnberedskap innan indremedisin er udiskutabelt ut frå dei
pasientgruppene som indremedisinske avdelingar tek seg av. Ofte vil dette
vere pasientar med t.d. hjerteinfarkt og hjernebløding, der behovet for å
kome raskt under behandling er avgjerande for den vidare
sjukdomsutviklinga for pasienten.
6. Møre og Romsdal fylkesting er samd i det som er halde fram i Strategi 2020
om at rusbehandlinga blir integrert tettare med både psykisk helsevern og
med dei somatiske tenestene.
7. Møre og Romsdal fylkesting er, som alt nemnt under pkt. 1, av den klare
meining at alle fire sjukehusa i vårt fylke skal ha akuttkirurgiske beredskap,
og fylkestinget ser det som uaktuelt å sentralisere denne beredskapen til eit
av sjukehusa i kvart føretak. I så fall vil akuttkirurgisk beredskap finnast
berre ved Ålesund sjukehus og Molde sjukehus, noko som er uakseptabelt.
Denne funksjonen skal finnast ved alle lokalsjukehusa i Møre og Romsdal.
Om den akuttkirurgiske beredskapen blir teken bort ved to av dei fire
sjukehusa i vårt fylke, vil det utvilsamt gi eit dårlegare tilbod til befolkninga i
området. At eit sjukehus har akuttkirurgis beredskap er avgjerande for kva
for tilbod sjukehuset kan gi sine pasientar, samstundes som pasienten vil
føle ein tryggare situasjon når denne beredskapen er tilstades. I fall den
akuttkirurgiske beredskapen skulle bli teke bort ved to av sjukehusa i vårt
fylket, ser fylkestinget det slik at det vanskeleg å nytte omgrepet ”Det gode
lokalsjukehus”, slik Strategi 2020 gjer. Fylkestinget set som eit absolutt krav
at den akuttkirurgiske beredskapen blir oppretthalden ved alle dei fire
sjukehusa i Møre og Romsdal.
8. Utkastet til strateginotat inneheld m.a. at tal fødeavdelingar bør reduserast
for å skape større einingar, som igjen gjer det lettare å rekruttere
gynekologar. Strategidokumentet gir også uttrykk transporttilhøva i så måte
skal takast med i vurderinga. Møre og Romsdal fylkesting er av den klare
meining at vårt fylke skal ha fire fødeavdelingar som i dag. Alle dei fire
fødeavdelingane gjev eit godt tilbod til dei fødande, slik situasjonen er i dag.
Avdelingane har høg kompetanse og kvalitet, og dei fødande opplever
tilbodet som trygt og godt. Eit moment som talar for oppretthalding av alle
fire fødeavdelingane, er at Møre og Romsdal er eit vidstrakt fylke med lange
avstandar og vanskeleg geografi. Dette gjer at nærleiken til fødeavdelingane
og følgjetenesta er svært viktig for tryggleiken til dei fødande. Dersom
fødeavdelingar skulle bli nedlagt, vil det skape uro og angst blant dei
fødande, grunna lengre transportavstandar med fare for transportfødslar.
Møre og Romsdal fylkesting har tidlegare, og seinast med brev datert
01.02.2010 gjeve uttrykk for at det er eit ufråvikeleg krav at dei fire
fødeavdelingane i vårt fylke blir oppretthalde, og at noko anna ikkje vil bli
forstått. Erfaringar frå siste dagars lamming av flytrafikken grunna vulkanutbrot, samt prognosar om auke i tilfelle av ekstremver, understrekar behovet for å oppretthalde ein desentralisert sjukehusstruktur med 4 sjukehus, alle med akuttfunksjonar og fullverdige fødeavdelingar.
9. Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje innvendingar til at det arbeidet
som er i gang for å vurdere samarbeid over regiongrensene mellom Helse
Sunnmøre og Helse Førde held fram i strategiperioden.
10. I Strategi 2020 blir det uttalt at geografiske tilhøve er ulike for dei fire
sjukehusføretaka, og at løysingane slik sett nødvendigvis ikkje treng å bli
dei same. Dette er Møre og Romsdal fylkesting fullt ut samd i, noko som og
gjer at fylkestinget har sterke meiningar om at behovet for oppretthalding
av akuttkirurgisk beredskap og alle fødeavdelingane ved alle fire sjukehus i
Møre og Romsdal er tilstades.
11. Når det gjeld tilpassing av akutt-tilbodet for barn, registrerar Møre og
Romsdal fylkesting at Strategi 2020 legg opp til at det berre skal vere to
Barneavdelingar med døgnbasert akuttberedskap i regionen, mot 4 i dag. I
vårt fylke har vi to slike avdelingar – og da ved Ålesund sjukehus og
Kristiansund sjukehus. Pasientgrunnlaget og endringar i behandlingsformer,
er etter det fylkestinget forstår, grunnen til endringane som er nedfelt i
utkastet. I strategidokumentet blir det vidare uttalt at det i dei andre
helseføretaka er pasientgrunnlag for 5-dagspostar med døgndrift, og at
desse blir knytt opp mot akuttsjukehuset i føretaket. Til det sist vil
fylkestinget presisere at det er vår klare føring at alle dei fire sjukehusa i
fylke skal sjåast på som akuttsjukehus. I fall desse endringane vedrørande
barnetilbodet blir gjennomført, vil dagens barnetilbod ved Kristiansund
sjukehus falle bort. Fylkestinget finn ikkje å kunne akseptere dette og vil
signalisere at Kristiansund sjukehus også i framtida skal vere eit
akuttsjukehus og ha barnetilbod for norddelen av fylket
(Nordmøre/Romsdal), og da med døgnbasert akuttberedskap.
12. Møre og Romsdal fylkesting ser positivt på at lokalsjukehusa i
strategiperioden skal invitere aktuelle kommunar og ambulansetenesta til
samarbeid om Felles akuttmottak (FAM). Det er viktig at ein får til gode
samarbeidsformer mellom tenestene og at dei involverte saman kan kome
fram til gode samarbeidsformer til beste for pasientane.
13. Strategiutkastet føreset at helseføretaka etablerar desentraliserte
poliklinikk- og dagtilbod frittståande eller i tilknyting til
intermediæravdelingar. Dette, som er eit samarbeid mellom
kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, er etter fylkestinget sitt
syn eit svært viktig tiltak, som fylkestinget støttar fullt ut.
14. Møre og Romsdal fylkesting sluttar seg elles til dei synspunkt som går fram
av saksutgreiinga ovanfor i høve Strategi 2020.
Oppdatert: 23.04.10
