Møte i fylkesutvalet
Reserveferje, fagskolefinansiering og deltaking i Halsafjorden Tunnelselskap AS er på saklista på fylkesutvalet sitt møte 15. juni.
Fylkesutvalet er samla til møte i samband med fylkestingssamlinga i Geiranger 14.-16. juni. Vedtaka blir lagt ut i ein førebels versjon etter kvart som dei fell.
På saklista står tre saker:
U-82/10 FRAMLEG TIL LØYSING PÅ RESERVEFERJESITUASJONEN I MØRE OG ROMSDAL I 2010
Eit nytt fellesframlegg vart vedteken:
Fylkestinget viser til konklusjonen i saka og slutter seg til denne.
Fylkestinget løyver kr. 1.700.000 til ekstra reserveferjer jf konklusjonen i saka.
Finansiering: Frie disposisjonsfond.
Fylkestinget kan ikkje godta kutt i kapasiteten i sambandet Seivika-Tømmervåg, og krev at sambandet vert styrka fram til anbodstidspunktet. Glutra eller alternativ kapasitet/Romsdal, må gå fram til 01.01.2011 og deretter settes ferja Rauma inn.
Kostnadene ved dette vert dekt midlertidig inn av samferdselssektoren si ramme, og dekkast inn ved evaluering av rekneskapen for 2010.
U-83/10 SØKNAD OM DELTAKELSE I HALSAFJORDEN TUNNELSELSKAP AS
Innstillinga vart samrøystes vedteken.
U-84/10 FINANSIERING AV FAGSKOLEN HAUSTEN 2010
Innstillinga vart vedteken med mindre endringar.
Diverre er saksframlegga så ferske at dei enno ikkje er lagt inn elektronisk, men du vil finne dei her når dei blir lagt ut. Protokollen vil bli lagt ut på same stad.
Oppdatert: 15.06.10