Reglement
Fylkesutvalet utfører dei gjeremåla som kommunelova legg på det, avgjer dei sakene som fylkestinget gjev det fullmakt til å avgjere, innstiller i saker til fylkestinget og gjev dei fråsegner som departementet ber om når ikkje anna er fastsett. Fråsegner som blir behandla i fylkestinget, kan gå direkte frå hovudutvalet til fylkestinget.
Fylkesutvalet tek avgjerd i alle saker innafor den fylkeskommunale verksemda som fylkestinget har høve til å delegere til fylkesutvalet, med mindre fylkestinget fastset noko anna, eller avgjerdsmyndet er overført til andre, jfr. § 4 i reglement for hovudutvala.
Fylkesutvalet kan vidaredelegere sitt mynde til fylkesordføraren eller fylkesrådmannen i den grad lov, forskrift eller vedtak av fylkestinget ikkje er til hinder for det, jfr. koml § 9 nr 5 og § 23 nr. 4.