Framlegg - skjema
For fylkesting og fylkesutval:
Framlegg kan berre fremmast av møtande medlemer og varamedlemer i fylkestinget, dersom ikkje særlege lovføresegner gjev andre rett til å gjere framlegg.
Framlegget skal vere skriftleg på nynorsk og leverast inn til møteleiaren etter at det er fremma. Dersom representanten ønskjer å få framlegget reinskrive, kopiert og omdelt, må det leverast inn til sekretariatet i god tid. Framlegget kan vere munnleg dersom det går ut på at nokon skal veljast eller tilsetjast, eller at saka som er under førehaving skal utsetjast, sendast attende til fylkesutvalet eller anna fylkeskommunalt organ, eller dersom det går ut på ateit framlegg ikkje skal vedtakast.
Skriftlege framlegg skal underteiknast av den eller dei personane som kjem med det. Møteleiaren refererer framlegget.
Andre råd og utvalg:
Framlegget skal vere skriftleg nynorsk og leverast inn til møteleiaren etter at det er fremma.
Skriftlege framlegg skal underteiknast av den eller dei personane som kjem med det. Møteleiaren refererer framlegget.
Det er ønskeleg at framlegg leveras skriftleg på førehand til politikk@mrfylke.no