Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Handbok folkevalde > Spørsmål og interpellasjoner

Spørsmål og interpellasjoner

Kvar fylkestingsmedlem kan rette førespurnader til fylkesordføraren om saker som ikkje er nemnde i innkallinga. Medlemen avgjer sjølv om førespurnaden skal stillast i form av ein interpellasjon eller eit spørsmål.

Interpellasjonar må meldast skriftleg og vere komne fram til fylkesordføraren seinast 14 dagar før fylkestingsamlinga tek til. Interpellasjonar skal setjast opp på saklista under eigne saksnummer med høve for fylkestinget sine medlemer og andre til å ta del i ordskiftet på vanleg måte under same tingsamlinga. Framlegg som blir sette fram i samband med interpellasjonsordskifte, kan fylkestinget med vanleg fleirtal gjere vedtak om å ta opp til førehaving.

Spørsmål til fylkesordføraren må innleverast skriftleg, før siste møtedagen. Fylkesordføraren kan vente med å svare til eit seinare møte under same samlinga. Det skal ikkje vere ordskifte i tilknyting til spørsmålet. Spørsmålet skal berre refererast av spørjaren, og fylkesordføraren skal gje eit kort svar. Spørjaren har høve til å stille eit kort tilleggsspørsmål om den saka som er reist.Skal spørsmålet danne utgangspunkt for realitetsvedtak, må framgangsmåten for oppføring av ny sak på saklista følgjast, jfr. § 18.