Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Handbok folkevalde > Stortingsrepresentantar frå fylket

Stortingsrepresentantar frå fylket

Stortingsval

Møre og Romsdal har 8 distriktsmandat og 1 utjamningsmandat, tilsaman 9 representantar på stortinget i inneverande periode. Følgjande er valt inn på Stortinget for Møre og Romsdal i perioden 2013-2017. 

Ved stortingsval er landet delt inn i 19 valdistrikt som tilsvarer fylka, inkludert Oslo kommune som er eige fylke.

Det skal veljast 169 representantar til Stortinget. Fordeling av representantplassar fylka imellom skjer på grunnlag av innbyggjartal og areal i kvart fylke. Kvar innbyggjar tel 1 poeng, mens kvar kvadratkilometer tel 1,8 poeng.

Av dei 169 representantane blir 150 valt som distriktsrepresentantar, mens 19 mandat blir valt som utjamningsmandat. Departementet fastsett kvart 8. år talet på representantar for kvart fylke.

Ved kandidatkåringa tel ein først berre dei navna som står som nr. 1 på stemmesedlane. Den som får flest stemmer ved denne opptellinga blir valgt. Deretter tel ein dei som står som nr. 2 på stemmesedlane. Den kandidaten som får flest stemmer når ein legg saman resultata frå begge opptellingane og ser bort fra den som alt er valgt, blir valgt. Slik held ein fram til alle kandidatar er valt.

For at veljarane sine endringar på stemmesedlane skal ha verknad på personvalget, må over halvparten av partiets veljarar ha gjort endring ved den same kandidaten. Dette inneber at det skal svært mykje til for at veljarane sine endringar skal ha betydning. I praksis skjer dette aldri.