Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > Årets bedrift 2011 til Arvid Gjerde AS

Årets bedrift 2011 til Arvid Gjerde AS

I går, 6. mars, vedtok Regional- og næringsutvalet å gi Arvid Gjerde AS i Innfjorden fylkesprisen Årets bedrift 2011. – Nesten ikkje til å fatte, seier ein rørt og audmjuk Arvid Gjerde.

Illustrasjonsbilete. Foto: Arvid Gjerde AS

Arvid Gjerde er gründeren som kjøpte seg traktorgravar og starta sitt eige firma som 20-åring. I dag er Arvid Gjerde AS landets største bedrift innan vegrekkverk, med i underkant av 50 tilsette. Dette eventyret har imponert Regional- og næringsutvalet, som samla har vedteke å gi raumabedrifta den gjeve prisen.

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut fylkesprisen Årets bedrift. Prisen går til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg. Formålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivsbedrifter i fylket til innsats for samfunnet.

Mange gode kandidatar

Det har vore stort engasjement og hard konkurranse om Fylkesprisen Årets Bedrift 2011. Det kom inn i alt 21 forslag til kandidatar, mange av dei svært gode. Eit samla regional- og næringsutval meiner Arvid Gjerde frå Innfjorden er den som fortener utmerkinga.

 - Ein genial og enkel idé har blitt til ei innovativ og lønsam bedrift. Dette imponerer meg stort, seier leiar for Regional- og næringsutvalet Randi Asbjørnsen.
 

-Fole kjekt

 -Når ein kjenner bedriftskulturen i Møre og Romsdal, er dette nesten ikkje til å fatte, seier prisvinnaren. Gjerde fortel at han har brukt mykje tid på omdømmebygging, særleg med tanke rekruttering.
 -Å få ein slik pris og bli lagt merke til på den måten, betyr enormt mykje både for meg, men også for heile Rauma kommune. Det skal bli fole kjekt å fortelje dette til dei tilsette. Det er tross alt dei som er ute og byggjer rekkverk, seier han.

Prisen blir delt ut på Fylkestinget i april

Tidlegare vinnarar av “Fylkesprisen Årets Bedrift”:

År           Bedrift                                                kommune
 2010      Gjøco AS                                            Gjemnes
 2009      Saferoad AS                                        Ørsta
 2008      Odim AS                                             Hareid
 2007      Brunvoll AS                                         Molde                 
 2006      Haugen Bok AS                                   Volda
 2005      GC Rieber Oils AS                               Kristiansund
 2004      Hydro Aluminium Sunndal AS               Sunndal
 2003      Hustadmarmor AS                               Fræna
 2002      Berg Jacobsen Gruppen                       Molde
 2001      I.P. Huse AS                                      Sandøy
 2000      Ekornes ASA                                     Sykkylven
 1999      Marintech AS                                     Averøy
 1997      Bussbygg AS                                     Molde
 1996      AS Olivin                                           Vanylven
 1995      Jets Vacuum AS                                Hareid
 1994      T. Skretting AS                                 Averøy
 1993      AS Mørefly                                       Giske
 1992      Møre Trafo AS                                  Sykkylven
 1991      Talgø Møbelfabrikk AS                      Surnadal
 

Contacts

Randi Karin Asbjørnsen Randi Karin Asbjørnsen
(Sml) leiar Regional- og næringsutvalet
Mob. 915 31 313
Send e-mail
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 25 81 71 /
Mob. 900 89 213
Send e-mail