Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Politikk > Nyheiter > - Ein siger for heile Møre og Romsdal

- Ein siger for heile Møre og Romsdal

- Dette er ein siger for Aalesunds  Fotballklubb, ein siger for Sunnmøre og ein siger for heile Møre og Romsdal, seier fylkesordfører Jon Aasen. 

Til og med Romsdalsalpane bak fylkesordførar Jon Aasen var farga i oransje og blått dagen etter at AaFK vann cupfinalen. Foto: Per Vidar K. Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Til og med Romsdalsalpane bak fylkesordførar Jon Aasen var farga i oransje og blått dagen etter at AaFK vann cupfinalen. Foto: Per Vidar K. Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han opplevde sjølv folkefesten i Oslo sist helg då AaFK tok heim sitt andre norgesmesterskap på tre år. Med AaFK sin triumf over Brann, har fotballfylket Møre og Romsdal nådd ein topp det skal bli vanskeleg å overgå.
- Då MFK vann serien sa eg at tyngdepunktet i norsk fotball ligg her i Møre og Romsdal. I dag trur eg ikkje det finst nokon som er ueinig, strålar fylkesordføraren.

Høgopplaust bilete Aasen'

Høgopplaust bilete banner

Bilete banner fotballfylket

Denne banneren vart hengt opp på fylkeshuset måndag. Dei som var i Oslo sist helg har kanskje sett han før. Foto: Per Vidar Klee Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kontaktpersonar

Jon Aasen Jon Aasen
Fylkesordførar
71 25 87 01 /
Mob. 900 80 387
Send e-post
Per Vidar Kjølmoen Per Vidar Kjølmoen
Informasjonssjef
71 25 87 17 /
Mob. 917 99 964
Send e-post